...
Yasmin Levy er ein av artistane som kjem til årets Førdefestival. Foto: Pressefoto

Slik blir årets Førdefestival

Lovar eksotisk smeltedigel.

Svein Heggheim
Svein Heggheim Profil E-post
Publisert 09.02.2012 kl 11:01 Oppdatert 09.02.2012 kl 11:34

Tips ein venn på e-post:

...
Nordick Fiddlers' Block har medlemmer frå Sverige, Shetland og Norge. Foto: Pressefoto

Temaartistane

  • Førdefestivalen blir arrangert for 23. gong 5. - 8. juli, i år med temaet sameksistens.
  • DEN SEFARDISKE MUSIKKEN: Yasmin Levy er ein av dei fremste eksponentane for denne musikken som har sine røter i Spania.
  • EUROPEARANE: The Other Euorpeans kjem i kategorien supergruppe der 14 verdskjende musikarar frå sju land sameinar sterke tradisjonar i klezmer- og sigøynarmusikk i Aust-Europa.
  • GRESK BLUES: Rembetika blir den kalla, den greske bluesen som kom med tyrkiske flyktningar til greske hamner etter første verdskrig. Gruppa Apsilies kjem med sin versjon av den opphavlege rembetikaen.
  • RYTMISK FRÅ MADAGASKAR: Gruppa Damily kjem frå Madagaskar med sin tsapiky-musikk, ein miks av indonesiske, indiske og ein god del afrikanske innslag
  • NORDISK TRADISJONSMUSIKK: Trioen The Nordic Fiddlers’ Block kjem med medlemmer frå Sverige, Shetland og Norge.
  • BRASILIANSK: Renata Rosa kjem frå Brasil. Hennar musikk har i seg både indianske, portugisiske og afrikanske element.
  • NORSKE TOPPNAMN: Ragnhild Furebotten kjem med seks blåsarar som set farge på norsk folkemusikk. Aasmund Nordstoga representerer Telemark.

Førdefestivalen har valt sameksistens som tema for årets festival. Det opnar for spennande musikkval, ifølgje festivaldirektør, Hilde Bjørkum.

- Vårt fremste mål er å fremje musikken, men samstundes ønskjer vi å vere dagsaktuelle, seier Bjørkum etter å ha presentert eit tema som glir nærmast rett inn i aktuell dramatikk knytt til Den arabiske våren, uro i Midt-Austen og konfliktar mellom kristne og muslimar.

Påverknad gjennom alle tider
Eit døme er ein av dei fremste eksponentar for den sefardiske musikken, Yasmin Levy.

- Den musikken oppstod i Spania på 700-talet, då kristne, jødar og muslimar levde saman i eit fleirkulturelt samfunn. Det skapte ein musikk med element både frå Midt-Austen, Nord-Afrika og Spania, og publikum vil kjenne att både flamenco og arabiske tradisjonar, seier Bjørkum.

Eitt mål med årets festival er å vise at menneske og kulturar har påverka kvarandre gjennom alle tider.

- Ingen sivilisasjon lever i vakum, men er avhengig av samspel med omverda. Musikktradisjonar har oppstått som eit resultat av fredelege møte og sameksistens mellom menneske. Dette har skjedd i alle tider, og skjer også i dag, seier Bjørkum.

Har booka 200
Så langt er i overkant av 200 artistar booka inn til festivalen, og Bjørkum reknar med at tal artistar blir rundt 250.

- Vi møter nokre utfordringar knytt til situasjonen ute i Europa. Enkelte agentar har få store turnear på plass på grunn av laber økonomi. Det kan medføre at vi kanskje må hente artistar for eiga rekning, men det får ingen konsekvensar for kvaliteten på festivalen, seier Bjørkum.

Mest lese no

...

Tre betongflak deisa mot bilen til Tonny:

- Eitt sekund frå å bli smadra

Nyhende Fekk fem tonn betong i fronten på E16. Les meir

...

Etablerer seg i Førde og Sogndal

Nyhende Gigantkjede opnar butikkar i Sogn og Fjordane. Les meir

...

Gav bot til to i samme bil

Motor UP stogga personbil merka med «L» under fartskontroll. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Bedriftsannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.