...
Lise Karlsnes vart omringa av autografjegerar etter sendinga Foto: Eirik Grane

Mest populær etter sendinga

- Eg diggar kidsa, seier Lise Karlsnes.

Eirik Grane
Eirik Grane Profil E-post
Publisert 04.02.2012 kl 23:00 Oppdatert 05.02.2012 kl 15:35

Tips ein venn på e-post:


Etter at tv-sendinga frå Florø var over, var det ikkje tvil om kven av artistane som var mest populær blant autografjegerane.

Artisten Lise Karlsnes var omringa av publikum som ønskte autografen henner og å bli tatt bilete av saman med henne.

Med på mange bilete
- Det er jo veldig hyggeleg. Eg diggar kidsa, seier Karlsnes.

Ho måtte ned på kne og posere på bilete med mange av dei lokale borna og ungdommane.

Karlsnes synest det har vore veldig gøy å vere med på delfinalen i Florø, og er berre litt skuffa over ikkje å ha gått vidare til finalen i MGP.

Har ikkje fått sett byen mykje
- Det har vore intense dagar her, men veldig gøy, seier Karlsnes.

Ho har vore i Florø sidan onsdag, men fortel at ho ikkje har fått sett så mykje av byen i løpet av denne tida.

- Lokalbefolkninga har vore veldig hyggelege, seier Karlsnes.

Ho synest det er godt å vere i gang igjen, og ser fram til å legge ut på turnè snart.

Mest lese no

...

Grov vald mot eigen baby

Nyhende Foreldrepar er sikta for grov vald mot eigen baby. Les meir

...

Ottar Starheim er død

Nyhende - Han var ein føregangsmann i radioen Les meir

...

- Fotballbermen har fått fotfeste i Florø

Nyhende Firda-kommentator ber klubb og krins rydde opp Les meir

...

- Fram med 50-øringane

Nyhende Berge & Co-tilsette leita fram alle 50-øringane dei hadde heime. No oppmodar Anne Berit Voll Aasen alle bedrifter i heile fylket om å gjere det same og gje pengane til kreftsaka. Så mykje greidde dei å samle inn. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Bedriftsannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.