Alt som kunne krype og gå samla seg på puben til Idol-tante Gry Leite fredag.
Kvar einaste fredag Idol-sirkuset har pågått har Gry Leite, tante til finalist Vegard Leite, skipa til bygdefest på puben ho eig og driv heime i Værlandet i Askvoll. Sjølvsagt også denne helga, på sjølve finaledagen.
Saman med bestemor Margunn Leite har dei siste dagane for det meste gått med til pizzabaking for pubeigar tante Gry, og fredag kulminerte det heile i ein einaste stor finalefest, sjølv om utfallet nok ikkje vart heilt slik værlendingane hadde håpa på.