Ektepar får den høgthengjande prisen for sitt arbeid med bokbyen i Fjærland.
Ekteparet Kvamme får fylkeskulturprisen for arbeidet med Den norske bokbyen i Fjærland. Dei har vore heilt sentrale i utviklinga av bokbyen sidan starten i 1995.
Dette avgjorde hovudutvalet for kultur i eit lengre møte tysdag.
Enkelt og godt val
– Det er eit heilt spesielt prosjekt Kari og Claus Kvamme har dratt i gang med bokbyen i Fjærland. Etter å ha vurdert dei mange gode kandidatane, var dette eit enkelt og godt val til slutt, seier hovudutvalsleiar Nils Gjerland.
Kari Kvamme hadde ideen til bokbyen og var også primus motor for den første boknatta i 1997. Bokbyen i Fjærland var lenge eineståande i sitt slag her i landet og er tilknytt ei kjede av europeiske bokbyar.
Danka ut 35 andre forslag
Kari og Claus Kvamme har i tillegg til arbeidet med bokbyen, også arbeidd med å utvikle Fjærland og skape arbeidsplassar i bygda.
Ekteparet var ein av 36 innkomne forslag til kandidatar til fylkeskulturprisen i år. Mellom andre var nasjonale stjerner som Tone Damli og Eva Weel Skram nominerte.
Fylkeskulturprisen er på 50 000 kroner.