...
«ETTER DRAMAET»: Dette oljemåleriet på lerret av Håkon Bleken er verdsett til 500 000 norske kroner. Foto: Ivar Myklebust Longvastøl

Dette biletet er verd ein halv million

JØLSTER (firda.no): Ei rekkje måleri av kunstnar Håkon Bleken står i desse dagar utstilt på Eikaasgalleriet i Jølster.

Ivar Myklebust Longvastøl
Ivar Longvastøl Profil E-post
Cato Husabø Fossen
Cato Husabø Fossen Profil E-post
Publisert 24.10.2011 kl 14:56 Oppdatert 24.10.2011 kl 19:13

Tips ein venn på e-post:

...
STOR KUNSTNAR: Endeleg kom Håkon Bleken (t.v.) til Jølster og Sogn og Fjordane, ikkje minst takka vere innsatsen til Kristian Fossheim (t.h.). Her er duoen oppstilt framfor ein kollasj av fotograf Oddleiv Apneseth sine berømte bilete frå Jølster i 2008. Foto: Ivar Myklebust Longvastøl

For første gong nokosinne stiller den kjende kunstnaren Håkon Bleken ut måleria sine i Sogn og Fjordane, nærare bestemt i Eikaasgalleriet på Ålhus i Jølster.

- I dag har Jølster besøk av ein stor kunstnar, sa ein glad Kristian Fossheim då han opna utstillinga på Eikaasgalleriet laurdag.

Fysikkprofessoren Fossheim er heimehøyrande i Jølster, men er til liks med Bleken Trondheims-basert i det daglege. Det er han som har henta Bleken til fylket, i samarbeid med Sogn og Fjordane Kunstmuseum og direktøren der, Morten Johan Svendsen.

56 av Blekens nye arbeid, 15 store oljemåleri og 41 litografiar vert å sjå på Ålhus frå no og fram til 18. desember.

Mellom verka publikum kan beundre i museumsbygget like ved Jølstravatnet er verdifulle «Etter Dramaet», verdsett til nøyaktig ein halv million kroner. Også eit av Blekens mest kjende oljemåleri «Naken og pansret», er kome til Jølster og utstillinga, som forøvrig går som ei salsutstilling.

Det vil seie at kven som helst kan kjøpe flesteparten av dei ulike verka som heng utstilt - om lommeboka strekk til, riktignok.

Mest lese no

...

Tre betongflak deisa mot bilen til Tonny:

- Eitt sekund frå å bli smadra

Nyhende Fekk fem tonn betong i fronten på E16. Les meir

...

Etablerer seg i Førde og Sogndal

Nyhende Gigantkjede opnar butikkar i Sogn og Fjordane. Les meir

...

Gav bot til to i samme bil

Motor UP stogga personbil merka med «L» under fartskontroll. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Bedriftsannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.