Overveldande god stemning då hundrevis av publikummarar fekk sjå filmen fire dagar før alle andre.
På ekte filmstjernevis ankom skodespelar Helene Bergsholm og alle dei andre i filmgjengen Førdehuset i stilfulle veteranbilar, like før klokka halv åtte måndag kveld. Nøyaktig eitt år etter at ungdomsfilmen basert på Olaug Nilssen sin roman med same namn var ferdiginnspelt, var alt omsider duka for festpremiere på heimebane.
OVERVELDANDE STEMNING
Etter at kulturjournalist i Firda, Katrine Sele, intervjua regissør Jannicke Systad Jacobsen og opphavskvinne Olaug Nilssen direkte på scena føre ein nær fullsatt kinosal, var det eit spent og kanskje nervøst publikum som gjorde seg klare for filmen si mykje omtalte opningsscene.
I den ser nemleg foreldre, besteforeldre, vener og i det heile teke alle som vil, 19 år gamle Helene Bergsholm tilsynelatande onanere på kjøkkengolvet, i rolla som den 15 år gamle og svært seksuelt frusterte Alma Solheimslid. Publikum responderer med ei slags pinleg stillheit, nokre småfniser for seg sjølv.
Det skal likevel ikkje gå mange minutta før latteren rungar i Førde si storstove, for det gjer den mange gonger i løpet av den 76 minutt lange framsyninga. I ei av dei siste scenene er det som om publikum kjenner lettelsen saman med Alma-karakteren, og bryt ut i ein engasjert og langvarig applaus.
- HERREGUD, DET ER JO HELENE!
Og bak alle scenene om onani, sex, kåtskap, sprit og narkotika, skjuler det seg eigentleg ei sår, men humoristisk historie, noko publikum verkar å ha fått med seg. Firda.no snakka med tre av hovudrolleinnehavar Helene Bergsholm sine beste vener like etter filmen var over, og ein samstemt trio gav velfortent ros til den talentfulle kjendisvennina.
– Det var ein veldig bra film, men det var litt rart og vanskeleg å sjå på det som «ein vanleg» film. Eg vart berre sitjande å tenkje på at det var Helene som spelte i starten, seier Malene Ullebø.
– Men filmen var absolutt veldig god. Den var morosam og det er absolutt på tide at det kjem ein slik film, legg ho til.
Sunniva Thorsnes Grane seier seg einig. –Det var kjekt å sjå ein litt annleis film. Og det var morosamt å sjå filmen i frå eit foreldreperspektiv, og at ein òg såg filmen frå eit jenteperspektiv, seier Grane.
Ho òg sleit med å sjå filmen som ein vanleg film. – I starten klarte eg ikkje å la vere å tenke «Herregud, det er jo Helene som spelar på filmen der», seier Grane.
Jessica Ann Venø er også veldig imponert over venninna si. – Eg synest ho gjorde ein veldig god innsats. Det er kult å ha ei venninne som har vore med på noko slikt, seier ho.
– Eg synest faktisk filmen var både rørande og god ettersom det var mykje ein kunne kjenne seg att i, seier Venø.
«Få meg på, for faen» har Norgespremiere over heile landet førstkomande fredag.