Folk kosa seg med jazz og sol.
Med namn som Kari Bremnes, Sigvard Dagsland og Thom Hell, fekk Balejazz besøk av folk frå Bergen, Voss, Oslo, Tromsø og sjølvsagt også sogningar og fjordingar.
Ekstra kykjekonsert
– Vi hadde besøkjande som sa dei allereie no hadde bestemt seg for å komme tilbake til neste Balejazz, og det er eit teikn på at vi har lykkast, seier leiar i Stiftinga Balejazz og hotellsjef ved Kvikne`s hotell Sigurd Kvikne etter helgas arrangement.
Han fortel at dei måtte sette opp ekstrakonsert i Den engelske kyrkja for å møte etterspørselen. Det var Trio Mediæval som hadde kyrkjekonserten. Trioen vart etablert i 1997, og har hausta gode kritikkar frå verda over.
– Vi har ikkje den fulle oversikta over kor mange som besøkte Balejazz sine konsertar og arrangement, men reknar med det ligg på rundt 3500, seier Kvikne. I dag skal dei telle over dei selde billettane.
I fjor hadde festivalen kring 3300 besøkjande.
Dette er Balejazz
Stiftinga Balejazz er etablert av Balejazz, Kvikne`s Hotel AS, Balestrand kommune, Vestnorsk Jazz-senter og Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Føremålet til stiftinga er å arrangere den årlege jazzfestivalen, å vere med på å utvikle musikarar og miljø som jobbar med jazzmusikk, og prøve å auke interessa kring sjangeren.
Samferdsle Ny «miljøferje» skal ta ein tredel av trafikken på Lavik-Oppedal dei neste ti åra. Les meir