...
STILLE: Dei unge publikummarane hadde ingenting til overs for mobbing. - Dumt! sa dei etter premieren. Foto: Karin Flølo

Mobbe-teater sette spor

Teateret, som er basert på skulekvardagen til Tor Henning Karlsen i Eikefjord, gjekk inn på unge publikummarar.

Karin Flølo
Karin Flølo Profil E-post
Publisert 04.09.2010 kl 09:38 Oppdatert 04.09.2010 kl 10:55

Tips ein venn på e-post:

...
I ROLLA: Kyrre Eikås Ottersen frå Jølster spelte rolla som Tor Henning Karlsen. Biletet er teke etter urpremieren fredag. Foto: Karin Flølo
...
VILLE IKKJE MØTE: Tor Henning Karlsen (biletet) øsnkte sjølv ikkje å møte på urpremieren. Grunnen var at han frykta fokus på hans fortid i staden for sjølve stykket. - Eg er ikkje bitter. Eg har lagt det bak meg og slutta å irritere meg over kva liv eg kunne ha hatt, seier han til Firda. Foto: Karin Flølo

Bakgrunn

  • Tor Henning Karlsen (35) frå Eikefjord gjekk til sak mot Flora kommune på 90-talet for å ha blitt mobba gjennom grunnskulen.
  • Han fekk 100 000 kroner i erstatning. Retten meinte at kommunen burde ha etablert førebyggjande tiltak.
  • Aslak Moe har skrive SoFt-stykket om Karlsen.

Det var musestille i klasserommet då urpremieren av teaterstykket «Du ana'kje» av Aslak Moe gjekk av stabelen fredag - inne på Karlsens gamle skule, Eikefjord skule.

- Mobbing er dumt!

Stykket er basert på skulekvardagen til Tor Henning Karlsen (35). Han opplevde mobbemareritt i årevis.

Det var 8. klasse ved Eikefjord skule som var først ute som publikummarar av totalt 3000 elevar.

– Det var interessant å sjå kva liv han hadde, sa åttandeklassing Line Kristine Sørbø etter stykket.

– Mobbing er dumt. Hadde vi oppdaga mobbing, ville vi prøvd å stoppe det, la ho til saman med Erlend Akselsen.

Ungdommane hadde følgjande å sei om mobbarar:

– Har dei verkeleg ikkje noko betre å gjere?

Ville ikkje vere der

– Eg torde ikkje spele fotball. Eg var målet. Dei ville sparke ballen på meg.

Slik går delar av innhaldet i det nye teaterstykket, som er sett frå Karlsens side. Han jobbar som reinhaldar, og ser tilbake på skuletida si.

Men sjølv ville hovudpersonen ikkje vere til stades.

– Eg vart imponert då eg såg stykket førre veke. Eg kjenner meg att gjennom skodespelaren. Det er rørande at det vert vist så mykje interesse for det eg har opplevd. Men eg ønskte, saman med Sogn og Fjordane Teater (SoFt), å ikkje vere til stades på Eikefjord skule, seier Karlsen.

Sidan media var til stades, frykta både SoFt og Karlsen at det ville bli for mykje fokus på hans fortid i staden for teaterstykket.

– Eg er glad vi bestemte det slik, seier eikefjordingen.

Mange timer med intervju

Stykket er basert på timeslange intervju med Karlsen, som på slutten av nittitalet fekk erstatning frå Flora kommune etter å ha blitt mobba gjennom grunnskulen.

I stykket ser rollefiguren (Kyrre Eikås Ottersen) tilbake på vonde hendingar som fysiske åtak, utestenging og stygge kallenamn.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.