...
Til helga er det klar for rundballefestival i Fjærland, og eit av innslaga under festivalen er Rundballerock.

Rockar rundballane

Great Balls of Fire nesten obligatorisk.

Publisert 23.08.2010 kl 13:37 Oppdatert 23.08.2010 kl 13:45

Tips ein venn på e-post:


Til helga er det klart for den tredje internasjonale rundballefestivalen i Fjærland, og ein av programpostane under festivalen er Rundballerock.

Dette er ein stafettkonsert som går av stabelen fredag på ferjekaien i Fjærland.

Krava til banda som melder seg på, er at minst ein av songane på ein eller annan måte må kunne knytast til rundball.

Arrangøren av festivalen trekkjer fram aktuelle døme på songar, som Great Balls of Fire, Green, Green Grass of Home og Det går rundt og rundt.

Samstundes presiserer dei at ein eigenkomponert låt er det aller beste.

- Vi har den mest originale rockekonserten på den tøffaste festivalen i landet, og her set berre fantasien grensene, seier Eivind Ødegård i rundballenemndi.

Rundballerocken er open for både små og store band, unge og gamle deltakarar, og det vert pengepremie til kveldens beste band.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.