...
YNDA STAD: Bremanger, her frå Kalvåg, er ein ynda stad for filminspeling. No vert endå ein film lagt til kommunen. Foto: Kjell Aga Ulvestad

Ungdomsfilm lagt til Bremanger

Karin Flølo
Karin Flølo Profil E-post
Publisert 12.06.2010 kl 12:30 Oppdatert 12.06.2010 kl 12:38

Tips ein venn på e-post:


Trappeluft Productions har bestemt seg for å filme «Hjelp, vi er russ!» i Bremanger.

Filmselskapet står også bak «Død Snø», «Kill Buljo» og «Tomme Tønner».

Fantastisk

– Her har vi alt vi treng på ein stad. Dei einaste vi manglar er ein skogsveg vi kan filme, seier linjeprodusent Einar Loftesnes til Firdaposten laurdag, og kallar Bremanger ein fantastisk stad for film.

Han opplyser at filmselskapet kjem til å bruke fleire stader i Bremanger til filmen. Dei har mellom anna sett på Hauge skule.

6. juli brakar det laust. Men før den tid, måndag og tysdag kommande veke, skal det bli casting av statistar i Florø og Bremanger.

På jakt etter folk

– Vi er først og fremst på jakt etter 18–20 åringar, seier linjeprodusenten.

Dei er også, ifølgje avisa, på jakt etter ein god gammaldags russebil frå 80-talet. I tillegg ein rånebil med høg harryfaktor.

Ikkje første gong

For ca eitt år sidan la filmselskapet Studio Hamburg innspelinga av «Liebe am Fjord» til Kalvåg.

I slutten av 2008 fekk Bremanger mykje merksemd då Jenny Skavlan sa ja til å spele postdame i ein kortfilm der handlinga var lagt til kommunen.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.