Feirar 25-årsjubileum som ein av Irlands største musikalske suksessar.
Den irske gruppa Altan kjem til Førdefestivalen i sommar, og spelar i Idrettshallen fredag 9. juli.
Altan var med på å ta den irske folkemusikken ut til eit endå større internasjonalt publikum, og feirar 25-årsjubileum i år.
Gruppa vert feira som ein av Irlands største musikalske suksessar, og har nærast vore bortskjemde med toppkritikkar frå internasjonal presse.
Same fredagskveld spelar også norsk-finske Frigg og Bassekou Kouyaté & Ngoni Ba frå Mali på scena på Festplassen.