...
SJARM: Kjærleikstilhøvet mellom Per (Bård Melvær) og Malene (Kristin Orre) var den raude tråden i framsyninga. Foto: Knut Magnussen

Feststund for nostalgikarar

Publisert 21.02.2010 kl 17:28 Oppdatert 21.02.2010 kl 17:33

Tips ein venn på e-post:

...
FLOTT: Kristin Orre imponerte og sjarmerte i rolla som Malene. Foto: Knut Magnussen
...
LEIAR: Dirigent Siv Førde leia det heile frå orkestergrava, der ho hadde hjelp av eit svært kompetent orkester. . Foto: Knut Magnussen

Koret Jomentum sin musikal «Kjærleik og musikk i paviljongen», om livet rundt den gamle musikkpaviljongen ved Likkjevatnet, gav nostalgikarane ei feststund på Flora samfunnshus. Men nostalgien blei i lengste laget.

Gamle slagerar frå tretti-, førti- og femtiåra var ramma rundt kjærleikssoga om Malene (Kristin Orre), og Per, (Bård Melvær), sett saman til eit spel om Florø og byen si ikkje altfor fjerne fortid.

Det let tidvis svært bra, akkompagnert av eit framifrå orkester, men i lengda vart det likevel i overkant langdrygt og sukkersøtt, med ei overdose av ulukkeleg kjærleik, gamle slagerar, barnekor og leikar.

Mange framifrå prestasjonar, som til dømes Kristin Orre sin innsats som Malene, som ungjente, åleinemor og gammal kvinne, tidsriktige kostyme, ei artig lokalhistorisk vinkling på forteljinga og store mengder songglede og scenesjarm sytte for at dei frammøte lokalnostalgikarane fekk ei feststund.

Men framsyninga hadde heilt sikkert tent på ein strammare regi og meir økonomisk tidsbruk. Godt over to timars speletid, pause ikkje inkludert, vart i meste laget, også for florøpatriotiske nostalgikarar med sans for byhistorikk og gamle slagerar.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.