... Og elevane ved Øyrane vidaregåande. Sjå Hafstad-russens elleville revy i bilete.
– På Hafstad vidaregåande tek ikkje dei solarium ein gong...seier nokre unge, og solbrune, "Øyrane-elevar".
Med røyken i munnen og gravid mage, og ei flaske øl, parodierte Hafstad-russen sine "medruss" frå Øyrane.
Hafstadrussen let ikkje mange sleppe unna då dei framførte revyen «Viruss» i Førdehuset tysdag og onsdag denne veka.
Lærarane ved skulen vart gang på gang dradd fram i revyen, mellom anna gjennom ein eigen versjon av realityserien Paradise Hotel.
Rektor Grethe Øren var også ein populær gjengangar, både i Paradise Hotel og i ein eigen song om parkeringstilhøvet ved skulen.
Elevane serverte også eit videointervju med lærarane. Saka dreia seg om å finne ut kven rektoren har eit romantisk forhold til på skulen. Her spelte lærarane friskt med sjølve.
– Eg takkar for ein flott revy, sa rektoren, i eigen person, etter revypremieren, og tok det heile med humor.