Oddvar Torsheim skal setje lutefiskelskande i god stemning.
| Publisert 06.11.2009 kl 09:24 Oppdatert 06.11.2009 kl 09:26 |
Torsheim underheld når lutefiskelskande bergensarar skal kose seg på lutefiskfesten i Bergen fredag kveld.
- Eg skal trakke til, seier Torsheim til ba.no.
I fjor måtte han avlyse lutefiskfesten på grunn av si eiga 70-årsfeiring, men i kveld er multikunstnaren frå Førde tilbake med sang og skjemt for eit lutefisketande publikum.
Torsheim var også med på arrangementet i 2006 og 2007.
I kveld står han på scena saman med Helge Jordal, Mads Eriksen, Jon Hjørnevik og fleire.
- Det blir mykje Beatles og slikt i min tapning, seier Torsheim.
Siste nytt - Vêret - Sport - Firdaligaen og anna fotball direkte - Biletseriar - Skattesøk
Kalenderen fra Fjordaglimt | ||
Mest kommentert på Fjordaglimt | ||
Kommentarar frå Fjordaglimt