Frodig bok om Slettemark

Følgjer kunstnaren frå sekstitalet til 2008.

Publisert 16.09.2009 kl 13:14 Oppdatert 16.09.2009 kl 13:19

Tips ein venn på e-post:

...
Bokomslaget til "Kjartan Slettemark - kunsten å falle".

Ei av bøkene på haustlista til forlaget Skald er ei fotobok om kunstnaren Kjartan Slettemark, som døydde i fjor.

Boka har fått tittelen "Kjartan Slettemark - kunsten å falle", og kunstnaren var sjølv med på å planlegge fotoboka.

To ønskje
Bileta i boka er tekne av Slettemarks gode ven, fotografen Brita Olsson. Ho følgjer naustedølen frå han gjorde svenske av seg på seksti-talet og fram til 2008.

– Kjartan hadde to ønskje for boka: Ho skulle ha blinkande lys i ryggen, og ho skulle eksplodere om ho ikkje vart opna på tre veker. Desse ønskja har vi ikkje klart å innfri, men elles trur eg vi har laga ei bok i hans ånd, seier forleggjar Lars Nes.

Barn og song
Bokhausten hos Skald forlag inneheld også "Eventyrboka", som er ein oppfølgjar til "Godnattboka - nynorske forteljingar". Den andre barneboka på haustlista er "Torbjørn Isbjørn".

For songfuglane kjem boka "Syng meg heim", der Olav Stedje vert heidra i ei bok med 50 songar. I tillegg kjem "Julesongar", det første nynorske julesongheftet på mange år.

Reise og historie
"Costa Blanca - 53 opplevelser" kjem også i haust. Boka er oppfølgjaren til "Gran Canaria - 53 opplevelser".

Haustlista til Skald inneheld også "Levd liv", ei bok som fortel historia til sogningane.

Bokhausten hos Skald byr også på "Langs veglause strender", som handlar om eit område langs sørsida av Sognefjorden i kommunane Vik og Høyanger.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.