Åmot Gard er i finalen.
Åmot Gard i Bygstad er nominert til ein av dei mange kultur- og næringslivsprisane som blir delt ut i slutten av august.
Ein av fem finalistar
Bygstad-gården er ein av fem finalistar til prisen for beste kulturbaserte næringsutvikling.
Forum for Kultur og Næringsliv gir for første gong ut prisar for beste samarbeid mellom kultur og næringsliv. Utdelinga skjer i Oslo den 25. august. Innovasjon Norge er samarbeidspartnar.
Det blir delt ut prisar i fem ulike kategoriar.
50 kandidatar
Dei innsendte samarbeidsprosjekta må ha vore aktive mellom 2007 og 2009 og vere tufta på eit gjensidig og berikande partnerskap der verdiskaping, nyskaping og næringsutvikling må vere fokus.
Juryens leiar, Tove Veierød, seier at det var ei utroleg morosam og krevjande oppgåve å plukke ut finalistane.
Det vart sendt inn nærmare 50 kandidatar.