Kommentar:

Malakoff-resepten

Det finst nok av festivalar der ein kan mimre. Malakoff evnar i staden å ta pulsen på samtida.

Publisert 28.07.2009 kl 10:52 Oppdatert 28.07.2009 kl 10:53

Tips ein venn på e-post:

...
Foto: Runar Sandnes

Malakoff 2009

...

Sjølvsagt kunne dei ha booka Vassendgutane. Dei kunne ha late 40+-åringane mimre til Boney M, The September When eller Nazareth, ja, for ikkje å snakke om Status Quo... Men dei gjer det ikkje.

KONSEPTET. Malakoff er laga av ungdommen – for ungdommen. Så bra har det blitt, at også dei vaksne etter kvart har kjent si besøkingstid.

Festivalen som i 2003 oppstod då ein gjeng 18-åringar på Eid vidaregåande syntest det var for gale at det skjedde så lite i bygda, har på seks år vakse frå 450 til 12 000 besøkjande.

Med ei marknadsføring som samanlikna med til dømes FotballFlora, Førdefestivalen og Sommarfest i Sunnfjord, verkar smålåten – i alle fall sett frå Førde, har ein likevel lykkast. Ingen massive annonsekampanjar, men først og fremst jungeltelegrafen. 4500 nøgde festivalgjengarar i 2007 vart til 10 000 i 2008. Det seier sitt.

GLOPPEROCK. Men korleis lykkast slik på Eid, mens Glopperock på andre sida av fjorden slit med underskot og låge besøkstal?

Fordi Malakoff i dag i stor grad er det Glopperock representerte på 1980-talet: Unge arrangørar som veit kva jamaldringane vil ha. Unge som enno ikkje har komme på mimrestadiet, men som kvart år tek pulsen på det nye. Det som vert spelt på P3 – og som gjer at nettopp ungdomskanalen har massiv dekning frå festivalen.

HEILSTØYPT. Underteikna har vore på mange festivalar både i og utanfor fylket. Noko meir profesjonelt og logistikkmessig bra enn Malakoff Rockfestival, skal ein leite lenge etter. Her var kø eit framandord. Ein kan late vatnet, få kjøpt seg drikke og varmmat i løpet av knappe fem minutt. Imponerande!

Med hundrevis av frivillige har Malakoff med sin ungdomsappell, også makta å engasjere heile lokalsamfunnet. Pensjonistar i vakttrøyer går rundt i sentrum og plukkar boss, nærast før ein har tenkt tanken på å kaste noko ifrå seg. Og dei møter deg med eit smil.

I baren vert ein servert av eldsjeler og stortingskandidatar, sjølvsagt med eit smil. Og rundt om på området gjekk politiet – smilande dei og. Dei få tilfella av flatfyll, måtte ein gå på nettavisene for å få med seg.

OMDØMME. Javisst er den urban. Her er korkje cowboyhattar eller Felleskjøp. Men i lys av den stadig tilbakevendande omdømmedebatten i Sogn og Fjordane, er det kanskje nettopp ein slik festival ungdommen vil ha, og fylket treng.

Ein festival der nettopp musikken står i sentrum. Der ein ikkje kan sitje for lenge på festivalcampen, i redsle for å gå glipp av noko på scenen. Ein festival der ein ikkje berre får ein konsert med tre band seint på kveld, og der det første spelar utan publikum. Men ein festival som varer heile helga, og som trekkjer meir enn 1000 menneske alt klokka 14 på laurdagen.

Der sommarfesten i Førde framstår som nokre timars re-uniontreff ein sein laurdagskveld, tilbyr Malakoff full pakke. Ikkje mindre enn 16 band (i tillegg til lokale UKM-aktørar frå fylket) stod på scenen i løpet av dei to dagane. Det gir ein stykkpris på 50 kroner per band.

OG TIL SIST har ein merkevara. Malakoff.

Den gamle eksersisplassen ved Eidselva (oppkalla etter Malakov-tårnet, som spelte ei sentral rolle i ei væpna trefning i Russland på 1850-talet) er den perfekte ramma. Og den gir festivalen eit namn ein legg merke til, på same måte som Øyafestivalen, Norwegian Wood, Quart og Hove. Det let ikkje heilt det same med Sommarfest i Sunnfjord.

Derfor er Malakoff i ferd med å bli den store rockefestivalen på Vestlandet.

FALLGRUVER. Kva kan så gå gale? Vil festivalen evne å fornye seg, unngå veksesmertene som den så langt har takla så framifrå?

Den dagen 45-åringar skal booke programmet til Malakoff, då er også denne festivalen blitt eit mimretreff. Lat oss håpe det ikkje skjer!

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.