Kan få eigen «Walk of fame»
| Karin Flølo | |
| Publisert 05.09.2008 kl 13:19 Oppdatert 05.09.2008 kl 13:38 |
Fredag ettermiddag var Stig Eikaas og Oddvar Torsheim i fyr og flamme i Førde sentrum. Dei viser fram Eikaas sin sjølvlaga versjon av «Walk of Fame»-stjerne a la Hollywood.
Men det er ikkje Madonna eller Britney Spears som får æra av å vere midtpunktet i stjerna, men Førdes eigen Oddvar Torsheim.
– Poenget er at folk skal stoppe opp og tenkje: Oj, der er stjerna til Torsheimen. Først har vi statuen ved elva, så stjerna som viser veg inn mot Rica Sunnfjord, seier Eikaas entusiastisk.
Men denne gongen skal Eikaas søkje Førde kommune om løyve til å leggje den tunge stjerna i stål ved lyskrysset til Coop Mega.
– Dette er stort, smiler dei to.
Siste nytt - Vêret - Sport - Firdaligaen og anna fotball direkte - Biletseriar - Skattesøk
Kalenderen fra Fjordaglimt | ||
Mest kommentert på Fjordaglimt | ||
Kommentarar frå Fjordaglimt