Fylkesutvalet tok på møtet tysdag til følgje klagen frå Gloppen musikkforum om 50.000 kroner i fylkeskommunalt tilskot.
Gloppen Musikkforum søkte i vår hovudutval for kultur i Sogn og Fjordane
fylkeskommune om 50.000 kroner til drift og gjennomføring av Glopperock
2008, men fekk avslag og vedtaket vart anka til fylkestutvalet.
Fylkesrådmannen tilrådde at fylkesutvalet skulle avvise klagen på møtet 2.
september, men etter framlegg frå Arbeidarpartiet om å likevel å løyve dei
omsøkte midlane enda det med samrøystes positivt vedtak, snart to månader
etter at festivalen er over.
I tillegg løyvde Norsk Kulturråd 50.000 kroner til årets festival i vår, og det same gjorde Fond for lyd og bilde. Gloppen kommune løyvde 40.000 kroner.
Større enn før
I klagen til fylkeskommunen peika Gloppen Musikkforum på at festivalen er ei
større tilskiping enn tidlegare, og at festivalen er nyskapande sidan den
har vore med og drege i gang fleire festivalar i området.
Dei meiner at dei har blitt ein tapar i kampen om kulturmidlane på same tid
som det blir løyvd mindre midlar til pop og rock i høve til andre sjangrar.
Fire tapte klagesaka
Stiftinga Sunniva - Lyset frå Selja, Museumsnemnda i Værlandet Vel, Hagevik
Tøndefarbikk i Vågsøy og Sogn og Fjordane kulturnettverk fekk ikkje medhald
i sine klager.