Ventar storinnrykk av danselystne

Med eit utseld hotellkapasitet og rimeleg godt førehandssal av billettar har arrangøren av dansegallaen i Førde store forventningar til helga.

Publisert 13.03.2008 kl 14:40 Oppdatert 13.03.2008 kl 15:03

Tips ein venn på e-post:

...
BYGDESWING I BYEN: Dansegallaen i Førde tjuvstartar fredag med Twilight og held fram for fullt laurdag. Her frå ein tidlegare dansegalla. Foto: Helge Johnsen
...
KJEM: Spellmannsprisvinnar og dansebanddronning Anne Nørdsti. Foto: Pressefoto
...
KJEM: Steinar Engelbrektson Band frå Gloppen. Her fotografert på Staverekkja i Lærdal. Foto: Vidar Gudvangen

– Økonomisk sett hadde vi alt tidleg i veka dekkja opp 80 prosent av budsjettet, fortel Bjørn Engelbrektson i Engelbrektson AS.

Han står som arrangør for helgas dansegalla der spelemannsprisvinnar Anne Nørdsti er det store trekkplasteret på Rica Sunnfjord Hotel.

Ventar 700

– Vi la ut hotellpakkar med billett inkludert. No er hotellet fullbooka, seier Engelbrektson nøgd.

Dansegallaen var i mange år fast på programmet i Førdehuset, men etter sviktande publikumstal vart arrangementet i fjor flytta til Sunnfjord Hotel.

– Det verkar som om marknaden har teke seg opp att. Så langt har vi selt mellom 100 og 150 billettar. Vi har kapasitet til 1100 publikummarar, men ventar 600-700. Då er det eit vellykka arrangement, seier arrangøren.

Steinar gler seg

Han fortel om mange telefonar frå danselystne.

– Det er både lokale og langvegsfarande. Vi har ein del faste som reiser på slike arrangement.

Engelbrektson trur dei fleste kjem for å høyre Anne Nørdsti, men reknar også broren Steinar og hans danseband som eit godt trekkplaster.

Steinar Engelbrektson sjølv, gler seg i alle fall.

– Det brukar å vere veldig bra i Førde. Med så varierte band og god innsats trur eg det blir ein flott dansegalla. Eg reknar meg som trekkplaster, men Spellemannprisen til Nørdsti vil nok dra mange, seier fylkets mest profilerte dansebandartist, Steinar Engelbrektson.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

...

Slik blir årets Førdefestival

Kultur Lovar eksotisk smeltedigel. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.