1200 besøkjande og overskot for Gaularspelet

Med eit snitt på 400 tilskodarar på kvar av dei fire framsyningane, gjekk årets Gaularspel med overskot. – Entusiasmen blant dei dugnadsgjengen har aldri vore større, seier styreleiar Helge Kårstad som i gårsdagens avis fekk kritikk for valdsscenene i årets spel.

Publisert 13.08.2007 kl 15:10 Oppdatert 13.08.2007 kl 15:11

Tips ein venn på e-post:

Sjå bileta frå året Gaularspel

...

Kårstad kunne i Firda måndag lese kritikk frå Eigil Hjelmeland som etter helgas Gaularspel kritiserte familiearrangementet for å ha blitt for valdeleg med innslag av sverdkamp og «blodige» skodespelarar.

– Ser meir vald på tv

– Eg forstår kritikken og tykkjer det er fint at det blir reist ein debatt. Likevel trur eg ikkje det ein får servert på Gaularspelet er så gale. Dei unge er som regel i følgje med foreldra, og det dei får servert på tv heime er langt verre, meiner styreleiaren.

Han påpeikar dessutan at tilbakemeldingane elles så langt berre har vore positive etter det som vart eit jubileum i Osen.

Då skodespelarane entra spelstaden på premieren laurdag var det 20 år sidan det historiske spelet om Gaular-jarlen Atle første gong vart vist – den gong i form av nettopp Egil Hjelmeland si historie.

170.000 i billettar

Og framleis sviktar ikkje publikum Gaularspelet og Vikingfestivalen som dei siste åra har vorte ei familieramme rundt spelet.

– 1200 såg spelet. Det er fornøgde med. Og, det gjer at vi sit att med eit overskot på 25.000 kroner, fortel Kårstad.

Han reknar med at Gaularspelet omset for om lag 300.000 kroner. 170.000 av dette er billettinntekter, mens resten kjem frå sponsorar og tilskot.

Og når entusiasme hos dugnadsfolket bak spelet aldri har vore større, reknar Kårstad med nytt spell om to år.

– Dette har ikkje styret avgjort, men det har sjeldan vore så stor entusiasme blant gjengen. Og instruktør Idun Losnegård og Magnar Rutle har gjort ein fantastisk jobb med årets spel. Dei er flinke med folk, seier Kårstad.


Les meir om Gaularspelet i Firda tysdag.

Mest lese no

...

Stengde hotell på dagen

Nyhende Branntilsynet: – Sjeldan at vi krev stenging på dagen. Les meir

...

Bil gjekk nesten i sjøen

Nyhende Måtte sikrast med kjetting. Les meir

...

Trugar staten med rettssak

Nyhende 420 kV-linja kom som ei bombe på innbyggjarar. Les meir

...

Er reklamane for store?

Nyhende Vindaugsreklamen er i strid med dei kommunale vedtektene, og blei ikkje omsøkt. No set Steinar Aase i Magne Aase AS sitt håp til politikarane. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.