Gir kunst til påstått terrororganisasjon

Kjartan Slettemark samanliknar libanesiske Hizbollah med den norske motstandsrørsla.

Publisert 14.06.2007 kl 16:18 Oppdatert 14.06.2007 kl 20:54

Tips ein venn på e-post:

...
Dette verket av Slettemark heiter "HizbOLAgutt 3", og kostar kr. 4.000 hos Galleri Pingvin. Foto: Galleri Pingvinen
...
kjARTan Slettemark i HizbOLAgutt-drakt. Verket er kalla "Selvportrett som HizbOLAgutt", og er prissett til 5.000 kroner hos Galleri Pingvin. Foto: Galleri Pingvin

Hizbollah

  • Sjiamuslimsk gruppe med ei militær og ei politisk grein. Stifta i 1982 for å kjempe mot Israel i Syd-Libanon, som Israel okkuperte fram til år 2000.
  • Hizbollah er eit av dei to største politiske partia som representerer sjiaane, Libanons største religiøse gruppe.
  • Grunnlagt og finansiert med hjelp fra Iran. Rørsla kjempa for å etablere ein islamsk stat i Libanon.
  • Den sivile greina av Hizbollah driv sjukehus, nyheitskanalar og utdanning, og deltek i det libanesiske parlamentet. Dei er også ansvarlege for fleire utviklingsprosjekt.
  • Blir sett på som ein terroristorginasisjon av fleire vestlege land. Blir av nokre land i den arabiske og muslimske verda, sett på som ei legitim motstandsrørsle.


    Kjelde: Wikipedia.no

Den sjiamuslimske organisasjonen er på terrorlistene hos blant anna USA, Canada, Storbritannia, Nederland og Israel.


Portrett av leiaren

Torsdag fekk organisasjonen som har både ein politisk og ein væpna fløy, overrekt ein heil biletserie frå Naustdals-kunstnaren Kjartan Slettemark.

På eitt av bileta har Slettermark manipulert inn sine eigne ansiktstrekk i eit portrett av Hizbollah-leiaren Hassan Nasrallah.

Slettemark som i samband med sin 75-årsdag i august blir heidra med den 5 meter høge budeiestatuen i Naustdal, avviser at han støttar ein terrororganisasjon.


- Ingen terrororganisasjon

– Det er like mykje terroristar på den andre sida. Eg tenkjer på at eg vil gi mi støtte til den motstandsrørsla som er der, og som eg har opplevd i Norge, seier 74-åringen som samanliknar den libanesiske organisasjonen med norsk motstandsrørsle under Den andre verdskrigen.

Kunsten blir overrekt av sjukepleiar og medlem av Den norske Palestina-komiteen, Venke Aaretun frå Lærdal.

– Eg er litt spent på reaksjonen. Eg skal freiste å forklare kva den norske kunstnaren har sagt. At det er ein hyllest, seier ho til dagbladet.no.

Verka til Slettemark har vore utstilte i Galleri Pingvin i Oslo sidan 6. juni.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

...

Slik blir årets Førdefestival

Kultur Lovar eksotisk smeltedigel. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.