Kø ved filmpremiere

Filmen måtte visast to gonger

Kø utanfor Trudvang før filmen.

Kø utanfor Trudvang før filmen. (Foto: Solveig Nesje Peersen)

DEL

Det var kø utanfor ungdomshuset i Dale tysdag kveld, då regissør Mikal Hovland (32) frå Dale hadde premiere på kortfilmen sin "Framand fisk".

Ikkje alle kom inn, og den 20 minuttar lange filmen måtte visast ein gong ekstra.

Svært nægd

Hovland var spent på førehand, men svært nøgd etterpå.

Produktet hans fekk akkurat den mottakinga han håpte på. Komedien skapte både humring og latter blant publikum som talde rundt 200 personar i Dale.

- Veldig bra, sa både kinogjengarar og statistar som Firda snakka med etter framsyninga.

Snilt spark

- Eit snilt spark til sunnfjordingen, var ein annan kommentar.

Filmen er spelt inn i Bulandet og Værlandet, og grip tak i omdømmet til sunnfjordingar som litt trege og kanskje litt skeptiske til nye ting.

Bulandet laurdag

Kommande laurdag skal filmen visast i Bulandet, og Hovland er spent på om filmen vert teken like godt imot der.

Artikkeltags