...
Foto: Vidar Ruud, ANB

Sjukmelder oftare

Ny forsking syner at innvandrarlegar sjukmelder oftare enn norske legar.

Stine Kyrkjebø E-post
Publisert 20.07.2012 kl 13:01 Oppdatert 20.07.2012 kl 13:04

Tips ein venn på e-post:

Legevaktlegar med innvandringsbakgrunn har same behandlingsrutinar som norske legar, men ny forsking syner at innvandrarlegane skriv oftare ut sjukmeldingar. Det skriv Bergens Tidende i dag.

Dei som sjukmeldar mest er legane med bakgrunn frå andre vestlege land.

75 prosent oftare

Ein vaktlege frå Europa, Nord-Amerika eller Oseania sjukmelder heile 75 prosent oftare enn ein norsk lege. Er legen frå Asia, Afrika eller Latin-Amerika er sannsynet for å få ei sjukmelding 50 prosent høgare enn hjå ein norsk lege.

Kvifor?

Ein veit ikkje kvifor det er slik. Førsteamanuensis ved Universitetet i Bergen, Esperanza Diaz viser til ei studie dei gjennomførte i fjor som syner at legar med innvandrarbakgrunn følte at dei måtte vere meir varsame i møtet med pasientane.

– Dei tenkjer at dei er meir utsett for å bli klaga på, seier ho. Dermed har legane gitt sjukmelding for å unngå å komme i konflikt med pasientane. Diaz påpeikar at dette berre er spekulasjonar, og at det kan vere andre forklaringar.

Like elles

Elles er legane veldige like i arbeidet sitt og få ulikskapar er funne elles.

– Dei fleste legane har studert i Norge. Det kan vere grunnen til at dei er så like som dei er, seier Diaz. Ho kan fortelje at det faktisk er fleire Norske legar som har studert i utlandet enn innvandrarlegar.



På forsiden nå


...

Sol, varme og flaumfare

Nyhende Ikkje berre is-salet som har skote fart i varmen. Les meir

daGENS avstemming

Er du nøgd med fylkesrådmannen si tilråding til ny skulebruksplan?

Ja
Nei

Stemma di er registrert

Avsluttet

Tal på stemmer: 2879

Velta med motorsykkel

Nyhende Føraren hadde ikkje MC-førarkort. Les meir

Til Grasrotandelen

Kontakt Firda

Telefon: 57 83 33 00
Besøksadresse: Firdavegen 12, 6800 Førde
Postadresse: Postboks 160, 6801 Førde
Mediehusleiar: Rolf Årdal
Alle tilsette

Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
E-post: redaksjon@firda.no
SMS/MMS: fitips 2005
Store filer og video sender du her

Om Firda Nett

Firda Nett blir samla inn og lagra
av Nasjonalbiblioteket regelmessig.
Nettavisa vil bli gjort tilgjengeleg
som kjeldemateriale for forsking og dokumentasjon.
Etiske retningsliner
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Kjøp eavis
Privatannonser
Bedriftsannonser

Redaksjonen

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.