...
SPØR: Einar Gautefall frå Skei stiller spørsmål ved Helse Førdes bruk av ressursar. Foto: Kjell Aga Ulvestad

– Nødvendig med fire ambulansar og eitt helikopter?

Hjelpemann reagerer på Helse Førdes bruk av ressursar under ei ulykke denne veka.

Publisert 12.06.2010 kl 14:31 Oppdatert 12.06.2010 kl 18:36

Tips ein venn på e-post:


Då ein bil med to born og ein vaksen køyrde av vegen måndag ved Klakegg, vart Einar Gautefall frå Skei tilkalla som hjelpemann.

Ettersom det var snakk om lettare skader, reagerer hjelpemannen på at Helse Førde stilte med fire ambulansar og eitt redningshelikopter.

Massakre?

– Etter ei stund kom éin ambulanse. Så kom det ein til. Så kom den tredje ambulansen og redningshelikopteret. Til slutt dukka den fjerde ambulansen opp. Eg lurte på om alarmsentralen hadde fått melding om ein massakre, seier Gautefall til Firda Tidend.

– Bilen enda på taket og det såg stygt ut. Men var raskt folk bort til bilen og registrerte at det ikkje var snakk om alvorlege fysiske skader, seier Gautefall til avisa. Han meiner det då burde vere mogleg å kalle tilbake nokre av utrykkingskøyretøya.

Reagerer

Han legg til at det ikkje er lenge sidan ambulansetenesta i Jølster vart lagt ned grunna sparing.

– Ein kan verkeleg stille spørsmål ved om det er sparing når det vert sendt fire ambulansar og eit helikopter til ei ulykke med lettare skader, seier Gautefall.

AMK: - Vi gjorde jobben vår

AMK i Førde tek ikkje til seg kritikken, og seier operatørane som var på jobb gjorde det dei skulle.

– AMK har sine retningslinjer og prosedyrar som blir følgde ved ulykker. For publikum kan det sjå dramatisk ut, men det er tanke bak kvar ressurs som vert sendt ut. Vi vil heller sende for mykje hjelp enn for lite, skriv fungerande leiar ved AMK, Anne Kristin Solås, i eit svar til Firda Tidend.

Vil ikkje spare

Ho strekar under at ein ikkje sparer på tilgjengelege ressursar når ein kan redde menneskeliv.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.