...
TILBAKE: Harry Mowatt trakk seg i protest. No er han tilbake i Helse Førde-styret. Foto: Vidar Gudvangen

Mowatt inn att i styret

Harry Mowatt har slutta fred med Helse Vest, og trer inn att i styret for Helse Førde.

Publisert 10.03.2010 kl 17:25 Oppdatert 10.03.2010 kl 19:40

Tips ein venn på e-post:


Mowatt tok kontakt med Helse Vests styreleiar Oddvard Nilsen onsdag føremiddag, etter å ha blitt sterkt oppmoda av styreleiaren i Helse Førde om å halde fram.

Nye signal

– Eg tolkar statsrådens utsegner under besøket i Førde som eit signal om at ein skal ha respekt for lokale avgjerder, og eg trur den same haldninga no pregar Helse Vest. Det gjer at eg kan gå inn att. Men eg angrar ikkje på den markeringa eg gjorde, seier Mowatt, som 19. februar forlet styret i protest mot overstyring og avgrensing av Helse Førdes handlefridom.

– Eg har også fått mange oppmodingar frå ulike kantar om å halde fram, seier Mowatt til firda.no.

Ok frå Helse Vest

Styreleiar Oddvard Nilsen stadfester at Mowatt har teke kontakt med han og sagt seg villig til å gå tilbake til styrearbeidet.

Nilsen seier han ikkje ser nokon grunn til ha noko eiga, formell handsaming av dette.

– Den styreutnemninga Helse Vest gjorde, og der Harry Mowatt er ein del av styret, gjeld, seier Oddvard Nilsen.

Mest lese no

...

Leiteaksjon startar opp att klokka ti

Nyhende Den overlevande har vore i arresten i natt. Politiet har ikkje fått truverdig forklaring. Les meir

...

– Dette skremmer meg

Nyhende Dagleg leiar ved handelshuset i Førde, Jostein Fredly er oppgitt over slik leik med livet. Les meir

...

Kven eig bilen?

Motor – Den dukka opp i løpet av natta, seier Firda.no–tipsar Les meir

...

103 ut i streik

Nyhende Fire kommunar og Fylkeskommunen tekne ut i Sogn og Fjordane Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Bedriftsannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.