Styret for Helse Førde kjem ikkje til å foreslå flytting av det lokalmedisinske senteret frå Lærdal til Sogndal.
– Dette alternativet blir ikkje med i det endelege framlegget vi skal sende ut etter høyringsrunden, seier styreleiar Clara Øberg.
Øberg seier ho ser på alternativet som både praktisk og politisk umogleg.
– Når skal Helse Førde kunne ha pengar til å byggje opp ein heilt ny institusjon i Sogndal frå grunnen av? Vi går 150 mill kroner i minus, vi manglar bygningsmasse i psykiatrien, og vi manglar to operasjonsstover, for berre å nemne noko av det vi må ha pengar til, seier Øberg.
Skapte bråk
– Det er fagfolka sin jobb å leggje inn sine vurderingar i det dei leverer til oss. Vi i styringsgruppa var nok rett og slett ikkje merksame nok på desse setningane, då vi las gjennom utkastet før det vart lagt fram, seier Øberg.
– Er det ikkje ufatteleg klønete å lese så dårleg gjennom dykkar eige dokument at de skaper fullt rabalder blant folk som er mistenksame nok frå før?
– Eg er heilt samd. Men når du les eit dokument med merksemda retta mot dei store linene, hender det at du overser detaljar, seier styreleiaren.
«Ikkje vore diskutert»
Tilsetterepresentant Randi Fagereng, som sit i styringsgruppa, sende måndag kveld ut ein e-post som ser ut til å stø opp under styreleiarens framstilling. Det har ikkje lukkast Firda å få Fagereng i tale, men i e-posten skriv ho at ho ikkje la merke til den omstridde setninga, og at flytting på sikt til Sogndal er noko styringsgruppa aldri har diskutert. Fagereng skriv at ho vil jobbe for å fjerne den omstridde setninga.
Kjell Nygård, som også er tilsetterepresentant i styringsgruppa, seier til Firda at han såg setninga i dokumentet kvelden før framlegginga, men at han ikkje fann grunn til å reagere.
– Dette er eit høyringsutkast, og slike kan innehalde mange slag alternativ. Hadde det vore eit framlegg til vedtak, ville det stilt seg annleis. Flytting frå Lærdal til Sogndal strir i alle fall mot Soria Moria, seier Nygård.