Styringsgruppe tilrår to lokalmedisinske senter og eitt sentralsjukehus.
| Publisert 05.03.2010 kl 11:32 Oppdatert 05.03.2010 kl 11:50 |
Styringsgruppa som har utarbeidd framlegg til ny strategiplan for Helse Førde, har lagt fram tre alternative modellar som vart presenterte på dialogmøtet med helseministere i Førde fredag føremiddag.
Dei tre modellane
Den første modellen inneber sentralsjukehus i Førde og lokalmedisinske senter
på Nordfjordeid og i Lærdal.
Modell to inneber eitt sentralsjukehus i Førde og avvikling av sjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal, utan å gjere dei til lokalmedisinske senter.
Den tredje modellen som er vurdert, er å gjere alle sjukehusa om til lokalsjukehus og såleis gjere Førde sentralsjukehus om til Førde sjukehus.
Framlegga til ny strategiplan vart lagt fram av styreleiar Clara Øberg i Helse Førde og nestleiar Jorunn Ringstad i styret.
Skal vedtakast i mai
- Styringsgruppa har komme fram til at vi tilrår modell ein, med
sentralsjukehus i Førde og lokalmedisinske senter på Nordfjordeid og i
Lærdal, seier Øberg.
Forslaga til ny strategiplan skal no ut på høyring, og høyringsfristen er sett til 19. april.
- Deretter skal strategiplanen vedtakast av styret i Helse Førde 27. mai, og deretter sendast vidare til styrebehandling i Helse Vest før sommaren 2010, seier Øberg.
Reduserer 230 årsverk
Den modellen som styringsgruppa har valt å gå for, inneber ifølgje
berekningane eit positivt driftsresulatet på 47 millionar kroner. Det vil
samstundes innebere at 230 årsverk vert reduserte.
Innhaldet ved dei lokalmedisinske sentra vil blant anna vere dagbehandling, poliklinikk, eit team for lindrande behandling, geriatriteam og rehabiliteringsteam.
Det kan også bli aktuelt med interkommunale tenester som interkommunal legevakt med sengepost, observasjonspost, rehabilitering og opptrening.
- Dersom vi går i samarbeid med kommunane vil mange av dei som mister jobben ved reduseringa av årsverk få nye jobbar interkommunalt, seier Øberg.
Fødslar ut av fylket
Ho la til at Førde sentralsjukehus etter denne modellen ikkje vil verte skåna
for omstillingar.
- Det er behov for omstillingar og investeringar så det berre knakar i Førde, seier Øberg.
Med denne modellen påpeikar styringsgruppa at det er behov for samarbeid med naboføretaka om fødslar, der området nord for Nordfjorden orienterer seg mot Volda og sør for Sognefjorden mot Bergen
Dei to andre modellane
Ifølgje styringsgruppa ville modell to med eitt sentralsjukehus og nedlegging
av lokalsjukehusa på Nordfjordeid og i Lærdal, innebere eit positivt
driftsresultat på 50 millionar kroner og 230 reduserte årsverk.
Modell tre med tre lokalsjukehus vil gje negativt driftsresultat på 10 millionar kroner og 260 reduserte årsverk.
Siste nytt - Vêret - Sport - Firdaligaen og anna fotball direkte - Biletseriar - Skattesøk
Kalenderen fra Fjordaglimt | ||
Mest kommentert på Fjordaglimt | ||
Kommentarar frå Fjordaglimt