...
NEDLEGGINGSTRUGA: Fødeavdelinga ved sjukehuset i Volda. Foto: Jon Inge Vinjevoll

Fødande nordfjordingar kan berge avdeling i Volda

Dersom Helse Sunnmøre får til eit samarbeid med Helse Førde om å sende fødande pasientar frå Nordfjord, kan den nedleggingstruga fødeavdelinga i Volda bli berga.

Vidar Gudvangen
Vidar Gudvangen Profil E-post
Publisert 04.03.2010 kl 15:02 Oppdatert 04.03.2010 kl 15:22

Tips ein venn på e-post:

...
SLUTT FOR FØDEN PÅ EID? Helse Sunnmøre og regionføretaket Helse Midt-Norge tek gjerne imot fødande frå nabofylket i sør til Volda. Biletet viser Nordfjord sjukehus på Nordfjordeid. Foto: Arne Stubhaug

Det skriv Sunnmørsposten si nettutgåve.

Daniel Haga, medisinsk direktør i Helse Midt-Norge, seier til avisa at dersom eit samarbeid med Helse Førde fører til styrking av grunnlaget for fødeavdelinga i Volda, trur han ikkje det vil vere aktuelt å leggje ned fødetilbodet. Alternativet er nedlegging av avdelinga i Volda, og for så å samle alt i Ålesund i 2020.

Felles tilbod for Nordfjord og Søre Sunnmøre?

Torsdag blir eit høyringsutkast om funksjonsfordelinga mellom sjukehusa i helseregionen vedteke av styret i Helse Midt-Norge. Parallelt har Helse Sunnmøre sin eigen Strategi 2015 på gang.

I samband med det pågåande strategiarbeidet har det vore tingingar med Helse Førde med tanke på ei samordning av framtidig sjukehustilbod for innbyggjarane i både i Nordfjord og Søre Sunnmøre. Eit sentralt spørsmål er kva som vil skje med fødeavdelingane ved sjukehusa på Eid og i Volda, skriv avisa.

Bolstad: – Skal vere ein open prosess

Administrerande direktør i Helse Førde, Jon Bolstad, ønskjer førebels ikkje å kommentere utfallet av tingingane med Helse Sunnmøre.

– Det som skal seiast om modellvalet i Helse Førde kjem tidlegast på fredag. Då er helseministeren her og vi skal ha eit stort dialogmøte med folkevalde frå heile fylket. Eit eventuelt innspel til Helse Sunnmøre blir tatt med i dette. Dette skal vere ein open strategiprosess der dei som eig prosessen skal få lov til å seie noko om mål både på kort, mellomlang og lengre sikt før vi konkluderer, seier han til Sunnmørsposten.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.