Alvorleg sjuk sendt heim til søppelhaug

Heim frå sjukehus til hus fullt av søppel.

Publisert 09.02.2010 kl 09:56 Oppdatert 09.02.2010 kl 14:50

Tips ein venn på e-post:


Ein alvorleg sjuk mann frå Nordfjord vart før helga sendt heim frå Førde sentralsjukehus til ein søppelhaug.

Det var ei kvinne frå bygda han bur i som slo alarm etter at mannen hadde ringt henne og bede om hjelp til å rydde litt opp i huset før han skulle heim frå sjukehuset, skriv Bergens Tidende.

Stinkande boss og frose vatn
Synet som møtte kvinna då ho kom til mannen sitt hus, fekk henne til å kontakte Førde sentralsjukehus umiddelbart. Ho gav beskjed om at eit sjukt menneske ikkje kunne sendast heim til eit slikt hus.

Heile huset var fullt av gammalt stinkande boss og vatnet var frosse.

Kvinna er sjokkert over at ikkje sjukehuset tok hennar oppmoding til følgje, og vil ha Fylkeslegen si vurdering av saka.

Sjukehuset tek ikkje sjølvkritikk
Overlege Finn Johan Halvorsen ved Førde sentralsjukehus seier at det ikkje er sjukehuset sitt ansvar å finne ut korleis folk har det heime.

- Mannen har så vidt eg veit budd i dette huset heile sitt liv, og om han har mykje skrot heime angår ikkje den medisinske behandlinga, seier Halvorsen til Bergens Tidende.

Mannen vart måndag innlagt på eit anna sjukehus, etter å ha budd heime i huset i helga.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

...

Slik blir årets Førdefestival

Kultur Lovar eksotisk smeltedigel. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.