...
EFFEKTIV: - Pasientane blir forbløffa over kor effektiv denne behandlinga er, seier overlege Jan Roar Orlin ved Førde sentralsjukhus. Biletet viser kiropraktor André Didriksen under ei behandling ved hans nye klinikk i Sentrum Sør. Foto: Bent Are Iversen

Kiropraktor med innpass på sjukehuset

Samarbeidet mellom Førde Sentralsjukehus og kiropraktor Andrè Didriksen er med på å sette ein ny standard innan medisin.

Publisert 16.07.2008 kl 10:14 Oppdatert 16.07.2008 kl 11:27

Tips ein venn på e-post:

...
Foto: Bent Are Iversen

Ved Førde sentralsjukehus trør dei nye stiar i behandlinga av pasientar, dei lar ein kiropraktor komme inn i ei spesialavdeling.

Eit mangeårig samarbeid mellom Ortopedavdelinga ved sjukehuset og Kiropraktor Andrè Didriksen, har no resultert i ein forskingsrapport som har vakt internasjonal interesse.

Viktig forskningsrapport

– Vi studerte utviklinga til 44 pasientar frå 2001 til 2003 som fekk både ortopedisk, og kiropraktisk behandling, og resultata var svært positive. Pasientane slapp lange køar, og 42 kunne vende attende til fulltidsjobbar etter avslutta behandling, fortel Didriksen. Han finn ikkje referansar til liknande talmateriale på verdsbasis.

– Resultata har vore innom forskjellige forskarmiljø for vurdering og gjenprøving, og først i 2007 har den fått spalteplass i det velrenommerte tidsskriftet JMPT, seier Didriksen. Han har fått mykje positiv tilbakemelding – spesielt frå utanlandske fagfolk.

Foregangsprosjekt

– Eg har fått meldingar om at andre kiropraktorar refererer til dette prosjektet for å få i gong eit liknande samarbeid, fortel kiropraktoren.

Han meiner metoden sparer både arbeidsplassar og det offentlege for store økonomiske utlegg når det gjeld sjukmeldingar.

– Ortopedien strekk ikkje til

– I mange tilfelle viser det seg at ortopedien ikkje kan bidra med anna enn tablettar og tolmod. Erfaringar eg har gjort viser at kiropraktikk kan ta over der ortopedien må gi tapt, forklarer overlege Jan Roar Orlin ved Førde sentralsjukehus. Spesialisten i ortopedisk kirurgi har vore eit viktig bindeledd i samarbeidet.

– Tidlegare har eg opplevd at det å vise til kiropraktiske fag i medisinsk samanheng har vore som å banne frå fremste rad i kyrkja. Mange legar har, som eg, aldri fått ei grundig innføring i faget, og veit difor ofte ikkje om kor effektive metodane kan vere, forklarer han.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.