Fleire har høyrt skrik

Redningshelikopter har starta søk i Frammarsvik i Naustdal.

DEL

Politiet har teke i mot fleire meldingar frå personar som har høyrt skrik i Frammarsvik i Naustdal, skriv NRK.

Det er no sendt ut ein Sea King for å gjer eit søk i området. Ein politipatrulje er allereie på staden.

Operasjonsleiar Agnar Dregelid ved Sogn og Fjordane politidistrikt, seier personane som ha høyrt skrika, ikkje kan stadfeste at det kjem frå personar.
- Det er to elver i området og etter fleire meldingar om skriking frå fjellsida, sender vi ut ein Sea King, seier han.

Terrenget skal vere bratt og ikkje lett tilgjengeleg.

Artikkeltags