Etiske retningsliner i Firda

Firda skal drive aktiviteten sin, på alle områder og innan alle kanalar, etter dei prinsipp og ideelle målsetjingar som til ei kvar tid gjer seg gjeldande i dei ulike presseplakatane.

DEL

Det betyr at Firda i alle sine kanalar styrer etter Redaktørplakaten og Ver Varsamplakaten (herunder Tekstreklameplakaten).

Firda skal vere uredd og sette dagsorden gjennom fremjing av sakleg og fri informasjons- og opinionsformidling. Det skal kome tydeleg fram kva som er reportasje, formidling av informasjon og fakta, og kva som er avisa sine eigne meiningar og vurderingar – og kva som er annonsar.

Den som kjenner seg krenka eller på anna vis urettvist handsama i Firda sine ulike kanalar, skal kunne melde dette så vel inn for konstituert sjefredaktør Yngve Årdal, yngve.ardal@firda.no, eller til Pressens Faglege Utval (PFU), Postboks 46 Sentrum, 0101 Oslo. Adressa finn ein også på nest siste side i Firda kvar dag.

Ansvarleg redaktør
Yngve Årdal

Artikkeltags