Campingvogn vart borte

Tjuveri i Jølster.

DEL

Politiet fekk søndag melding om at ei campingvogn er blitt stolen frå Skei i Jølster. Dette skal ha skjedd mellom fredag 20. til søndag 22. juli.

Campingvogna har registreringsnummer CP 5495 og er av merke Knaus Royale.

Dersom nokon har informasjon om tjuveriet, vil politiet at det vert teke kontakt.

Artikkeltags