Var best til å formidle trafikktryggleik med teikning.
3. klasse ved Kjølsdalen skule i Eid vann Fjord1 sin teiknekonkurranse i Sogn og Fjordane, der temaet var trafikktryggleig om refleksbruk.
Fekk premien på ferje
- Dei hadde ei veldig god og tydeleg teikning som formidla godt det med
refleksbruk og trafikktryggleik, seier kommunikasjonsdirektør Ingrid
Færøyvik i Fjord1.
Premien vart tysdag føremiddag overrekt av skipsførar Kjetil Sætre på ferja Lote, som i dag går på sambandet mellom Anda og Lote.
Elevane fekk sveler og omvising ombord i ferja, og 1. og 2. klassingane ved skulen var også inviterte med.
Imponerte over teikningane
- Premien er ei pengegåve på 5000 kroner, som skal brukast til ein klassetur,
fortel Færøyvik.
Ho fortel at det var mange teikningar å gå gjennom for juryen, og dei er imponerte over prestasjonane.
- Det er flott å sjå kor kreative dei er. Det er ein artig del av jobben å vurdere alle desse teikningane, seier Færøyvik.