...
BEB Mobile UB frå Flora vidaregåande skule vart kåra til Beste ungdomsbedrift under fylkesmessa til Ungt Entreprenørskap. Foto: Ungt Entreprenørskap

Årets beste ungdomsbedrift

Internasjonalt engasjement gjorde utslaget for denne gjengen.

Eirik Grane
Eirik Grane Profil E-post
Publisert 18.03.2011 kl 10:25 Oppdatert 18.03.2011 kl 11:19

Tips ein venn på e-post:

...
Taste of Måløy UB frå Måløy vidaregåande skule kom på andreplass i kåringa av Beste ungdomsbedrift. Foto: Ungt Entreprenørskap
...
Fjordane utvikling SB frå Fagskulen i Førde vart Beste studentbedrift. Foto: Ungt Entreprenørskap
...
Sogn mediaservice frå Sogndal vidaregåande skule vart blant anna kåra til ungdomsbedrifta med beste teneste. Foto: Ungt Entreprenørskap

Under fylkesmessa for ungdomsbedrifter i Sogndal på torsdag, vart BEB Mobile UB frå Flora vidaregåande skule kåra til Beste ungdomsbedrift.

- Dommarane hadde ein vanskeleg jobb, og det var mange gode konkurrentar, opplyser Ungt entreprenørskap i Sogn og Fjordane.

Det som gjorde utslaget for ungdomsbedrifta frå Florø, var deira internasjonale engasjement.

På andreplass kom ungdomsbedrifta "Taste of Måløy UB", og saman med BEB Mobile UB skal dei representere fylket i NM for ungdomsbedrifter.

Beste studentbedrift vart Fjordane utvikling SB frå Fagskulen i Førde. Deira forretningsidè er å utvikle innovative, energieffektive og miljøvenlege produkt for næringsdrivande i Sogn og Fjordane.

Her er alle vinnarane:

Beste ungdomsbedrift:
1. BEB Mobile, Flora vgs
2. Taste of Måløy, Måløy vgs
3. Sogn mediaservice UB, Sogndal vgs

Beste studentbedrift:
1. Fjordane utvikling, Fagskulen i Førde
2. Produktsystem, Fagskulen i Førde

Beste marknadsføringstiltak:
1. Utspring, Firda vgs
2. Havsmak, Måløy vgs
3. Sogn mediaservice, Sogndal vgs

Beste produkt:
1. Froskeprinsen, Mo og Jølster vgs
2. Taste of Måløy, Måløy vgs

Beste teneste:
1. Sogn mediaservice, Sogndal vgs
2. Rått og godt, Øyrane vgs

Beste utstilling:
1. Havsmak, Måløy vgs

Beste innovative produkt/idé:
1. HQ Tronix, Øyrane vgs

Beste lokalsamfunnsprosjekt:
1. Trimigrering, Flora vgs
2. Taste of Måløy, Måløy vgs

Beste rekneskap:
1. Board Cleaner, Flora vgs

Beste produktdesign:
1. Mix, Eid vgs
2. Froskeprinsen, Mo og Jølster vgs

Beste internasjonale prosjekt:
Prosjekt Malawi UB, Flora vgs

Publikumsprisen:
Mobisoft, Øyrane vgs

Mest lese no

...

Tre betongflak deisa mot bilen til Tonny:

- Eitt sekund frå å bli smadra

Nyhende Fekk fem tonn betong i fronten på E16. Les meir

...

Etablerer seg i Førde og Sogndal

Nyhende Gigantkjede opnar butikkar i Sogn og Fjordane. Les meir

...

Gav bot til to i samme bil

Motor UP stogga personbil merka med «L» under fartskontroll. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Bedriftsannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.