Mange vakre byggverk vert reiste før jul. Send bilete av peparkakehus til firda.no.
Bygging av peparkakehus er ein populær aktivitet for store og små born i førjulstida, og fleire stader vert desse husa sett saman til peparkakelandsbyar.
Vi ønskjer å vise ein biletserie av peparkakehus og peparkakelandsbyar på firda.no, og inviterer lesarane våre til å sende oss bilete på epost.
Skriv ein kort tekst om peparkakebygga og fortel kven som står bak byggverka. Eposten sender du til konkurranse@firda.no.
Stongfjorden er ein av stadene i fylket som har starta tradisjonen med å lage peparkakelandsby.
Store og små har brukt lang tid på å lage mange flotte bygg av peparkakedeig. Dette er truleg starten på ein tradisjon som har potensiale til å vekse seg mykje større, vert det opplyst på Origo-sona Stongfjorden.
Der var det i helga mange som tok turen til utstillinga av peparkakelandsbyen etter at lysa var tente i julegrana.
Sjå fleire bilete av peparkakelandsbyen på Origo-sona Stongfjorden.