...
Sunniva Nordeide, Serge Bigwi og Ine Kjøsnes Raad stakk av med dei tre beste plassane i lesekonkurransen til biblioteket i Førde Foto: Biblioteket

Greier du å slå desse tre?

I så fall er du god. Dei er nemleg byens beste lesehestar

Publisert 03.09.2010 kl 13:57 Oppdatert 03.09.2010 kl 15:12

Tips ein venn på e-post:

...
120 born møtte fram då avslutningsfesten til biblioteket gjekk av stabelen førre laurdag. Foto: Biblioteket
...
Sunniva Nordeide, Serge Bigwi og Ine Kjøsnes Raad(t.v) har lest seg til 1.?3. plass i biblioteket i Førde sin sommarkonkurranse. Foto: Biblioteket

Ikkje alle har fått nytta det dårlege sommarvêret like godt som Sunniva Nordeide, Serge Bigwi og Ine Kjøsnes Raad i Førde.

Kvart million sider

Dei har nemleg lest seg til 1.–3. plass i biblioteket sin sommarkonkurranse SommarLes i konkurranse med mange andre born.

Samanlagt har alle borna lest 255 131 sider, altså ein kvart million sider.

Og dette er biblioteket veldig godt nøgde med, og førre laurdag markerte dei avslutninga på konkurransen med ein avslutningsfest.

Her møtte 120 born som var spente på kven som stakk av med 1.–3. – plass.

Og med 8237 sider stakk altså Sunniva Nordeide av med førsteplassen, ho blei lønna med ein iPod nano. På andreplass kom Serge Bigwi med 7048 sider og tredjeplassen tok Ine Kjøsnes Raad med 6877 sider. Premiane for desse var bøker, badebillett og DVD, fortel biblioteket.

Premiar i fleng

Den nye einingsleiaren for kultur, Johan Bengtsson opna festen med ein flott fanfare for deltakarane. Også ordførar Nils Gjerland var til stades.

Målet med konkurransen SommarLes var å få barn til å lese, og alle som hadde lese over 200 sider fekk vere med i trekninga av premiar.

Ni born har lese meir enn 5000 sider i sommar, desse fekk også premie i konkurransen som blei arrangert for første gong.

Neste sommar blir det også SommarLes, lover biblioteket.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.