Elevar spelte for landslag og kjempa om fair play-pris.
Elevane frå 5. - 7. klasse ved Førde barneskule arrangerte måndag ein lokal tjuvstart på fotball-VM, og etablerte seks fargerike landslag som kjempa om fair play-pris.
Dei seks landslaga som var i aksjon var Brasil, Sør-Afrika, Spania, England, USA og Argentina, og i den uhøgtidelege konkurransen vart lagånd og fair play premiert.
I samband med arrangementet "Fargerik fotball" hadde elevane lagt ned mykje arbeid i å skape rett stemning, lære seg spelereglane og ikkje minst kostymar og ansiktsmåling.
- Det er kjekt at vi får bestemme og ta avgjerder sjølve. Samstundes lærer vi om fotball og om å vere rettferdige, seier Sofie Romarheim.
Ho går i 7A og spelte for Brasil. Dei delte fair play-prisen saman med 5B, som representerte Sør-Afrika