Alkohol er det største problemet

Elevrepresentantane Eirik Egge og Per Inge Bruland i Anti rusgruppa på Ø yrane meiner at alkohol er vorte svært akseptert blant elevane.

Publisert 28.02.2003 kl 18:00 Oppdatert 28.02.2003 kl 18:00

Tips ein venn på e-post:

Eirik Egge og Per Inge Bruland vil bekjempe rusmisbruk blant   jamngamle.
Eirik Egge og Per Inge Bruland vil bekjempe rusmisbruk blant jamngamle. Foto: Mari Bergum Kalrud

– Vi ser lite bruk av narkotika, men vi veit at det eksisterer og at det er folk som rusar seg på stoff som hasj, GHB og ecstasy, seier Per Inge.

Dei to representantane framhevar at det er alkohol som er det store problemet.

– Det er vorte svært akseptert å drikke alkohol, og det skjer oftare enn før og blant fleire og fleire elevar, slår dei to fast.

Som elevrepresentantar i anti-rusgruppa på Øyrane har dei som oppgåve å fange opp kva som skjer på skulen. Dei ser etter om nokon skulle hamne i feil retning og om ein kan gjere noko med det.

– Det er vår oppgåve å sende signal om det som skjer blant elevane til dei som sit høgare i systemet på skulen.

I utgangspunktet er det vanskeleg å sjå kven som brukar narkotika, men dei er ikkje i tvil om at stoff som GHB er på frammarsj.

Mest lese no

...

Tre betongflak deisa mot bilen til Tonny:

- Eitt sekund frå å bli smadra

Nyhende Fekk fem tonn betong i fronten på E16. Les meir

...

Etablerer seg i Førde og Sogndal

Nyhende Gigantkjede opnar butikkar i Sogn og Fjordane. Les meir

...

Gav bot til to i samme bil

Motor UP stogga personbil merka med «L» under fartskontroll. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Bedriftsannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.