Ferske førsteklassingar ønskjer å lære både engelsk og svensk.
Måndag var det første skuledag for mange førsteklassingar i heile fylket. Blant dei var 26 ferske elevar ved Dingemoen skule i Dale.
- Eg har ikkje lært nokon ting i dag, røper Viljar Standnes.
Likevel var første skuledag kjekk. Førsteklassingane fekk ha med foreldra inn i klasserommet og i gymsalen. Dei hadde bli-kjend-aktivitetar og fekk ei teikneoppgåve.
Fadderane frå femte klasse fekk dei også møte, før det var tid for bollar, kaker og kaffikos i klasserommet.
– Heilt prima! synest kontaktlærar Synnøve Stavøstrand om det første møtet med førsteklassingane, som er ekstra talrike i år: 26 elevar, mot normalt oppunder 20.
– Eg har lyst til å lære engelsk, fortel Viljar.
– Kan du noko på engelsk allereie, kanskje?
– My name is Viljar!
– Eg vil lære svensk, seier Ole Elias Håland, som elles reknar med å lære om tal og å lese på skulen.
– Det er enkelt å skrive namnet mitt, synest Viljar. Tal har han også ganske god peiling på. Både han og Ole kan telje heilt til hundre.
Men heimeleksa til tysdag dreier seg korkje om engelsk, svensk eller tal: første leksa er å leggje papir på skulebøkene.