...
- Ingen hadde vore negative til å få til ungdommens bystyre i Førde, seier elevar ved Førde ungdomsskule. Frå høgre Magnus Hopland (15), Mona Wiik (14), Ingeborg Magerøy (15), Anna Hjelle (13) og Trine Storkås (15). Foto: Janne G. Sørgulen

Unge stemmer slepp ikkje til

Unge i Førde etterlyser ungdommens bystyre.

Publisert 18.06.2009 kl 09:36 Oppdatert 18.06.2009 kl 09:58

Tips ein venn på e-post:


I Førde er det verken ungdommens bystyre eller ungdomsråd som jobbar opp mot politikarane. I fylkessenteret er det ein vaksen som talar ungdommen si sak.

- Det vert feil at det ikkje er ungdommar sjølve som skal seie kva dei meiner, seier elevar ved Førde ungdomskule til Firda.

Førde-ungdommen trur eit eige ungdommens bystyre ville vore nyttig for å få på plass fleire tilbod i fritida deira.

- Drit i ungdommen
- Det er for gale at den største kommunen i fylket ikkje har eit eige ungdommens bystyre. Kommunen drit i ungdommen. Ved å velje ein vaksen til representant, viser dei ikkje respekt, seier fylkesformann Erlend Bøe i Fremskrittspartiets Ungdom (FpU).

Bøe kjem sjølv frå Flora, der dei nyleg feira ti år med ungdommens bystyre.

Ventar på ungdommen
Gruppeleiar Jorunn Eide Kirketeig i Førde Ap ønskjer å få på plass eit bystyre for ungdommar, og fortel at det er sett av midlar til dette.

Ifølgje Kirketeig er det berre engasjement frå ungdommane sjølve som no må til for å etablere dette organet.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

...

Slik blir årets Førdefestival

Kultur Lovar eksotisk smeltedigel. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.