Begge montørane trygt på bakken

Firte seg ned frå arbeidskorg til båt ved eiga hjelp.

Begge SFE-montørane vart tysdag ettermiddag trygt berga ned frå fjordspennet. Dei firte seg ned i båt ved eiga hjelp.

Begge SFE-montørane vart tysdag ettermiddag trygt berga ned frå fjordspennet. Dei firte seg ned i båt ved eiga hjelp. (Foto: )

DEL

Helikopter frå 330-skvadronen i Florø kom til staden kl 10.30 der to SFE-montørar sat fast i ei arbeidsvogn over fjorden Nordfjord. Men dei måtte gi seg. Dei har utfordringar med dårleg vêr og vaierar.

Fira seg ned sjølve

Dei prøvde i 12.15-tida på nytt, men utan å lykkast. Då var planen at mennene skal fire seg ned i båt sjølve, men med hjelp frå den alpine redningsgruppa frå Sunnmøre.

Firda sin utsende på staden observerte at helikopteret firte ned ein sekk til arbeidsvogna. Det kom ein båt ut på fjorden.

Klokka 12.30 var den første av dei to mennene komme trygt ned i båten. Det tok ca 20 sekund. 15 minutt seinare var begge trygt på plass i båten som skal ta dei til land att etter ei lang natt høgt over fjorden.

Helikopter sett på bakken

Hovudredningssentralen fekk tysdag føremiddag melding om at det kjem lyn og torden, noko som gjorde at redningsarbeidet hastar. Montørane sat utsett til.

Arbeidarane skulle måndag utføre arbeid på linja, men på grunn av teknisk feil med den nye arbeidsvogna, greidde dei ikkje å komme seg frå staden og måtte overnatte i den vesle arbeidsvogna.

Klokka 11.00 sa Hovudredningssentralen at helikopteret ikkje vurderte det som trygt nok å halde fram, og sette helikopteret på bakken. Forholda låg ikkje godt nok til rette, og redningsmannskapet jobba vidare med den andre planen; å hjelpe mennene ned ved hjelp av ny korg. Redningsgruppa frå Sunnmøre skal vere på plass.

Frå morgonen jobba Hovudredningssentralen på Sola med to alternativ; å berge dei to ned ved hjelp av helikopter. Om dette ikkje gjekk, må dei hjelpast til land ved at det vert sendt ut ei ny arbeidskorg. Men aksjonen enda med at dei to firte seg ned i ein båt på fjorden.

Artikkeltags