Folkemusikkprisen til Ingrid Søyland

Det skal godt gjerast å ha ei lengre liste over tillitsverv og frivillig engasjement enn folkedansaren Ingrid Søyland. I helga vart ho heidra med Folkemusikkprisen for Sogn og Fjordane.

Publisert 29.03.2004 kl 08:12 Oppdatert 29.03.2004 kl 08:19

Tips ein venn på e-post:

...
ENGASJERT: Ingrid Søyland blir av prisjuryen skildra som "ei unik drivkraft i kulturlivet i Jølster og Sogn og Fjordane". Her på middag på Eikås grendahus med mannen Magnus Hope (i midten) og sonen Olav. Foto: Katrine Sele.

Prisen, eit trykk av Ludvig Eikaas, vart delt ut på Fylkeskappleiken på Hermansverk. For berre eit par månader sidan vart den same dama heidra med Jølster kommune sin Kulturpris for 2003. Dermed har ho blitt reinaste grossisten i kulturprisar den siste tida.

Det er særleg Søyland sitt arbeid med born og unge som vart trekt fram i grunngjevinga: «Ingrid set aldri seg sjølv i første rekke, men arbeider på grunnplanet, får fram unge, dyktige talent, får unge menneske til å like, ha kunnskap om og vere stolt av sin eigen kulturarv, og føre den vidare i notida og framtida.»

90 unge dansarar

-Eg vart overraska og glad. Men prisen tilhøyrer like mykje alle ungdommane i Jølster som har vore engasjert i folkedans, og som kjem igjen år etter år. Det er dei som gir meg inspirasjonen til å halde fram, seier Søyland.

Ho er opphavleg frå Rogaland, og kom til Jølster i slutten av syttitalet. Til dagleg underviser ho på Vassenden skule. Ved sida av har ho dei siste 25 åra drive eit enormt arbeid på frivillig basis.

Først og fremst har ho vore sterkt engasjert i folkedans som instruktør for born og ungdom. Miljøet er sterkt for dette på Eikås ungdomsslag, med heile 90 born og unge som dansar i Vassenden skulekrins.

-Utruleg mange unge her er interesserte i å bli instruktørar sjølve, og det er ekstra fint å sjå, seier Søyland.

Dårleg deltaking

Men deltakinga på kappleiken var ho skuffa over. Tidlegare år har det vore rundt 100 deltakarar på konkurransane, medan det i år var knapt 70.

-På den eine sida har det aldri vore så mange dyktige folkemusikarar som no. Profesjonaliseringa gir musikksjangeren auka status. På den andre sida er det vanskelegare å rekruttere til dei frivillige miljøa, meiner Søyland.

-Dette gjeld vel eigentleg alle slags aktivitetar. Frivillig arbeid er inne i ein bølgjedal. Folk er velståande og opptekne av seg sjølve, og dyrkar ikkje fellesskapet. Det er vanskeleg å finne folk som vil vere med i styre og stell, seier ho.

Sjølv karakteriserer ho seg som eit utprega organisasjonsmenneske. Søyland har gjennom åra vore aktiv innan alt frå politikk og ungdomslagsarbeid til mållag og fjelltrim.

-Både lyst og pliktkjensle spelar inn. Men eg har hatt utruleg mykje igjen for gratisarbeidet. Å jobbe med ungdommar får meg til å kjenne meg ung sjølv. Eg er veldig glad i dei, rett og slett! seier Søyland.

Mest lese no

...

Tre betongflak deisa mot bilen til Tonny:

- Eitt sekund frå å bli smadra

Nyhende Fekk fem tonn betong i fronten på E16. Les meir

...

Etablerer seg i Førde og Sogndal

Nyhende Gigantkjede opnar butikkar i Sogn og Fjordane. Les meir

...

Gav bot til to i samme bil

Motor UP stogga personbil merka med «L» under fartskontroll. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Bedriftsannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Ansvarleg redaktør: Yngve Årdal
Digitalredaktør: Eirik Grane
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.