Countryfestivalen på Breim Blir rost opp i skyene

-Breimsfestivalen er den fremste countryfestival i Norden, når det gjeld artistnivå og lydkvalitet. Sjølv har eg vitja dette countrytreffet i ni år. Eg reknar med å kome tilbake, sjølv når dei køyrer meg inn i rullestol.
Publisert 16.02.2004 kl 08:36 Oppdatert 16.02.2004 kl 08:57

Tips ein venn på e-post:


Spår publikumstal på over 10000 i jubileumsåret

Denne smigrande attesten kom frå leiaren i Norsk Countrymusikkforbund, Roger Wernerson, då eldsjelene bak countrytreffet laurdag presenterte artistlista for årets festival, den tiande i rekkja.

Wernerson seier han er overtydd om at publikumstalet i år kjem til å passere 10000.

Stolt av Pride

Hovudartisten, veteranen Charley Pride, har vore klar i snart eitt år. Konserten hans på Breim blir den einaste i Europa, og han kjem med si faste gruppe og sin eigen stab. Sist Charley Pride spelte i Norge var i 1982. Ingemar Sårheim og artistansvarleg Nils R. Sandal kunne stolt fortelje at dei no blir kontakta av country-entusiastar i Belgia og England som vil vite korleis dei kan kome seg til Breim-festivalen i juli, eine og åleine for dette sjeldne høvet til å høyre Charley Pride.

Lett å få artistar

-Vi har blitt attraktive. Artistane ønskjer å spele her, seier Sårheim og Sandal, som etter kvart har skaffa seg mange kontaktar gjennom eit breitt internasjonalt nettverk.

Også jubileumsfestivalen vil dekkje eit breitt spekter av country-sjangerar, frå akustisk tradisjonsmusikk til countryrock og gospel. Programmet spenner over både lokale og nasjonale artistar, europeiske country-namn og utøvarar frå USA. I tillegg til Charley Pride - den einaste farga countryartisten som verkeleg har slege igjennom i Statane - kjem m.a. bluegrassutøvarar som «The Woodys» og Bill Booth, som spelar i cajun-stil, medan «Grand Ole Country» frå Holland spelar tradisjonell og fengjande country.

«Hellbillies» tilbake

Mellom gruppene og artistane frå vårt eige land blir «Hellbillies», som ifølgje festivalleiinga har bede kvart år om å få kome tilbake. Og vi finn «Krutrøyk» frå Førde, «Longhorn» frå Lærdal, og ein flokk representantar for bygdekøntrien på Vestlandet: «Vassendgutane» frå Ørsta.

I tillegg til konsertane på dei vanlege festivalscenane, blir det konsertar i Frislidlada på folkemuseet, kyrkjekonsert, og dans på to ulike plattingar.

Roger Wernerson i Country-forbundet seier han er imponert over arbeidet som blir lagt ned på Breim.

-Artistane eg har snakka med, seier dei ønskjer seg tilbake dit, fordi alt klaffar hundre prosent. Lyden er perfekt, og artistane blir følgde opp og tekne veldig godt vare på. Kvaliteten på denne festivalen er mellom den høgaste i Europa, seier Roger Wernerson.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.