Tok arbeidsplassen med heim til Bygstad

Frå næringshagen i Bygstad driv Britt Merete Aase (25) sitt eige firma. – Det var viktig for meg å flytte heim, seier ho.

Hild Nordal E-post
Publisert 03.11.2003 kl 12:53 Oppdatert 04.11.2003 kl 08:23

Tips ein venn på e-post:

...
¿ Sjølv om flesteparten av jobbane i min bransje er i Oslo, hadde eg lyst heim, og prøve å drive mi eiga bedrift herifrå, seier Britt Marie Aase som driv videoproduksjonsselskap i Bygstad. Foto: Hild Nordal

Firmaet, som Britt Merete driv saman med bror sin, har fått namnet Aase video og grafikk. Dei to satsar i hovudsak på å yte marknadsføringstenester for bedrifter og andre kundar, til dømes å lage brosjyrar og informasjonsfilmar.

I tillegg er Britt Merete dagleg leiar for Gaular Næringshage.

– Sjølv om flesteparten av jobbane i min bransje er i Oslo, hadde eg lyst heim, og prøve å drive mi eiga bedrift herifrå. Det er spennande. Av og til lurer eg på om eg er heilt gal, eller om eg er på sporet av noko, seier 25-åringen.

Kule bilete

Britt Merete er også med i eit team som driv med storskjermproduksjon. Teamet følgjer Impact World Tour (IWT), som er ein del av misjonsorganisasjonen Ungdom i oppdrag, på turne rundt om i Europa.

– Vi filmar under showa til IWT, og viser filmen direkte på storskjerm. Vi legg også grafikk på filmen, slik at det vert eit slags multimediashow, forklarer Britt Merete.

Medan ho har kontor i næringshagen i Gaular, jobbar bror hennar frå Bergen. Britt Merete står for videoproduksjonen i firmaet, broren for det grafiske arbeidet.

Lokale kundar

– Vi kan ta på oss dei fleste oppdrag, men vi ser at marknadsføring har det største potensialet, seier ho, og fortel at hovudtyngda av kundane hennar er frå Sogn og Fjordane.

Saman med seg i næringshagen, har den daglege leiaren fått ein fast tysdagskafe, og ein fotpleiar annan kvar tysdag. Og det vert jobba med å få fleire aktørar inn i dei trivelege kontorlokala.

– Meininga med næringshagen er å danne eit kontorfellesskap, og eg håper og ønskjer at det vil verte slik snart, smiler Britt Merete.

Mest lese no

...

Heiar på veslesøster i kveld

Nyhende Vegard Leite er på plass i Florø for å få med seg Melodi Grand Prix. Les meir

...

Fekk flaske i hovudet

Nyhende Kvinne til legevakt med kuttskadar Les meir

...

To trafikkuhell i ettermiddag

Nyhende Bil utfor vegen ved Moskog. Krasj i Hornindal Les meir

...

Slår alarm om arbeidstilhøva

Nyhende Tilsette i heimetensta på Sandane ber om hjelp Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.