– Dette var ein gong ei lakseelv

– Ekspertane sa at forholda for laksen ville bli betre etter ei kraftutbygging. I dag er Vetlefjordelva tom for laks, seier Sigmund Feten. No åtvarar han elveeigarane i Naustdal på det sterkast mot å tru på Sogn og Fjordane Energi (SFE) og ekspertane.

Publisert 22.10.2003 kl 09:10 Oppdatert 22.10.2003 kl 09:20

Tips ein venn på e-post:

...
KLAR TALE: Laksen blei borte i Vetlefjorden, trass i at det motsette vart lova, seier Sigmund Feten, leiar i Vetlefjorden Grunneigarlag. No åtvarar han elveeigarane i Naustdal om ikkje å lytte på ekspertane, om dei vil bevare laksen. Foto: Sigurd Løseth

Leiaren i Vetlefjorden Grunneigarlag kjenner seg godt igjen i diskusjonen som pågår i Naustdal, om ei kraftutbygging på laksen sine premissar.

– I Vetlefjorden som er ei magasinbasert utbygging, gjekk det stikk motsett av kva ekspertane lovde. Forholda for laksen skulle bli betre. Temperaturen på brevatnet skulle stige når vatnet gjekk gjennom tunnelane og kraftstasjonen.

Laksen vekke

– Realitetane er at vatnet har blitt kaldare om sommaren og varmare om vinteren. Det gjer at yngelen blir klekt ut for tidleg om våren og brukar opp plommesekken før elvevatnet er varmt nok til at han kan ta til seg næring, seier Feten.

– I dag går det berre ein og anna feilvandra laks i elva. Laksen vil aldri bli i stand til å reprodusere seg sjølv.

Før Mel Kraftverk stod ferdig i 1989 vart det årleg fiska mellom 200 og 500 kilo laks og sjøaure, om lag likt fordelt, i Vetlefjordelva. Auren har klart seg betre enn laksen, men yngelproduksjonen er redusert til rundt 10 prosent.

– Utan kultivering hadde det vel vore jamt slutt for auren også, seier Feten.

Tøffare reguleringar

Han oppmodar naustedølene om å vere på vakt når det vert sagt at moderne kraftutbyggingar tek omsyn til miljøet.

– Jaudå, steintippane vert betre skjulte, men vassreguleringa har blitt langt tøffare. Etter at marknadskreftene vart sleppte fri, er det kraftprisen som styrer produksjonen. Resultatet er veldige svingingar i elva, også innanfor eit døgn. I Vetlefjordelva kan vasstanden falle 30 cm på 10 minutt, trass i tilfrådingar frå direktoratet om berre tre prosent i timen.

– Resultatet er dramatisk for yngel og næringsdyr som ikkje greier å flykte unna, seier Feten som meiner Nausta med sine store grunne område vil få endå større problem.

Bråstogg

– Sjølv ikkje eit elvekraftverk som Brulandsfossen greier å handtere utfall i stasjonen, trass i lukesystem og omlaupstunnel.

– Tekniske installasjonar vil alltid få svikt. I Vetlefjorden opplever vi full stopp i vassføringa frå kraftstasjonen kanskje fleire gonger for året, seier Feten.

Han føler at grunneigarane i Vetlefjorden vart lurte av SFE og meiner utbyggjaren stadig vekk har skifta strategi.

– Då kraftstasjonen stod ferdig, fekk eg det sjokket at dei brått ville erstatte fisket hundre prosent fordi fisken ville bli fullt utrydda, og dei fekk medhald i skjønsretten.

– Tenk kor enkelt det vil vere for SFE betale seg fri med til dømes 10 millionar i erstatning til grunneigarane i Naustdal, med dagens pris på krafta, seier Feten.

– I Vetlefjorden har SFE snudd argumentasjonen nok ein gong: No meiner dei manøvreringsreglementet er så bra at dei ikkje treng drive kultivering for å sikre fisket for ålmenta. Eit pålegg skal vurderast på nytt i 2004, seier Feten.

Gløym utbygging

Han meiner grunneigarane i Naustdal kan vere med i eit utval for å sjå kva som går føre seg, men å diskutere ei utbygging, kan dei gløyme, om dei vil ha ei lakseelv

– Dei bør nekte ei kvar form for utbygging. Nausta fungerer på laksen sine premissar i dag. Eit kvart inngrep vil forstyrre systemet, seier Sigmund Feten.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

...

Slik blir årets Førdefestival

Kultur Lovar eksotisk smeltedigel. Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.