Ikkje stolte av Førde 

Florøværingane er stolte av dialekten og byen sin. I Førde er ikkje innbyggjarane nøgde med nokon av delane. Anne Marit Bødal har forska på forholdet mellom språk og identitet i dei to sunnfjords-byane.

Publisert 26.06.2003 kl 08:44 Oppdatert 26.06.2003 kl 08:44

Tips ein venn på e-post:

...
STYGG BYGD: Førdianarane kjenner seg lite knytta til heimstaden sin, viser forskinga til Anne Marit Bødal. Foto: Heidi Torkildson Ryste

– Spesielt dei unge førdianarane karakteriserer Førde som stygt og kjedeleg. At det ikkje finst ei Førde-dialekt er også ei svært vanleg oppfatning, og det er jo litt trist, seier Fø rde-jenta Anne Marit Bødal.

Hovudoppgåva hennar om språk og identitet i Førde og Florø slår fast at det er ein klar samanheng mellom dei to faktorane. Bø dal har funne at den lokale identiteten knyter seg til språket, og dersom den lokale identiteten er svak er det lettare at dialekten forandrar seg også.

– I Florø er begge delar blitt forsterka, medan språket i Førde endrar seg mykje, og den lokale identiteten er svak, seier Bø dal.

Mot bymål

Både i Florø og Førde har språket klare bymå ls-trekk, men utviklinga av språket har vore ulik.

– Florø hadde på si bymessige utvikling frå 1860 og utover. Dialekten vart sterk påverka av bymålet i Bergen og har ikkje forandra seg så utruleg mykje. I Førde kom ikkje denne utviklinga før 100 år seinare, og førde-dialekten er derfor mykje meir i endring, seier Bødal.

Florø vs. Førde

I tillegg til at førdianarane er negative til si eiga dialekt, har dei heller ikkje mykje positivt å seie om Florø-dialekten.

– Førdianarane likar ikkje skarre-r og synest dei snakkar merkeleg i Florø. Florøværingane klagar over at Førde har teke mange av deira funksjonar. Flyplassen, sjukehuset og fotballkampen 16. mai vart ofte nemnd, seier Bødal.

Mest lese no

...

Går det an å byggje bru her?

Nyhende Svaret er sannsynlegvis ja, men prislappen er tre milliardar kroner. Les meir

...

No er søksmålet 93 millionar

Nyhende Entreprenør på Dalsfjordsambandet krev at fylkeskommunen dekkjer ekstrakostnader. Les meir

Pasientombod Ove Mjåtveit

Vil at Helse Førde skal skifte namn

Nyhende Pasientombodet meiner namnet er misvisande og provoserande Les meir


Tips oss

Tipstelefon: 57 83 33 33
SMS/MMS: fitips 2005
E-post: redaksjon@firda.no
Store filer og video sender du her
Telefaks: 57 20 53 12

Firda Media as

Mediehusleiar: Rolf Årdal
Etiske retningsliner for firda.no
Reglar for debattforum
Kopiering av innhald

Kundesenter

Kundesenter
Abonnement
Privatannonser
Privatannonser
Tilsette
Kontakt oss

Redaksjon

Sjefredaktør (konst.): Yngve Årdal
Redaksjonssjef: Yngve Årdal
Nyheits- og reportasjesjef: Trond Jan Grimeland
Nettansvarleg/kanalsjef: Eirik Grane
Nyheitsredaksjon: redaksjon@firda.no

Redaktøransvar
Redaktøransvar
Innholdet i utskriften er vernet etter åndsverklovens regler.
Utskriften er kun til privat bruk og kan ikke benyttes på annen måte.
Kopiering eller spredning av innholdet krever avtale med rettighetshaver eller Kopinor.