...
Foto: Bent Are Iversen

Gaular verst i fylket

Sogn og Fjordane kjem dårleg ut i Forbrukarrådet sin kommunetest.

Thea Idsøe E-post
Publisert 09.10.2013 kl 21:28 Oppdatert 10.10.2013 kl 07:43

Tips ein venn på e-post:



I dag kom resultata frå Forbrukarrådet sin kommunetest ut.

Sjå tabell over fylkesresultata nedst i saka

Forbrukarrådet har presentert seg som privatpersonar og teke kontakt med alle 428 kommunar i landet via e-post, telefon og nettsidene til kommunane.

Kommunane er blitt testa på sørvis, tilgjengelegheit og informasjonskvalitet fordelt på seks ulike sektorar: "Barn og skule", "Tekniske tenester", "Sosiale tenester", "Pleie og omsorg", "Informasjonstenester" og "Fritid og kultur". Karakterskalaen går frå 0-100, kor 100 er best. For å få ståkarakter må ein ha fått 75 poeng eller meir.

Best og verst

Samla sett kjem Sogn og Fjordane på 12. plass i landet med eit gjennomsnitt på 59 poeng.

Best av kommunane i fylket er Aurland med 75,3 poeng. Aurland er den einaste av 26 kommunar i fylket som får ståkarakter. Like etter kjem Vågsøy og Fjaler med 72,1 og 71,8 poeng. Gaular ligg lengst nederst på lista med 35,5 poeng og ender såleis opp på ein 414. plass på landsbasis. Både når det gjeld "Informasjonstenester" og "Tekniske tenester" får Gaular null poeng.

- Inga overrasking

Ordførar i Gaular, Mathias Råheim er ikkje nøgd med resultatet.

- Dette er altfor dårleg, vi må gjere nokre harde grep her. Ei fattig trøyst i det heile er at Forbrukarrådet presiserer at det ikkje er kvaliteten som er testa.

Gaular skårte særskilt dårleg når det gjeld "Tekniske tenester", Råheim er medviten om at internettsidene deira ikkje er mykje å skryte over.

- Vi har ingen tilsette som berre jobber med nett og i ein travel kvardag vert nettsida fort nedprioritert.

Råheim er klar for å gjera ein innsats.

- Eg krysser fingrane for at vi toppar motsatt ende av lista ved neste test, seier ordføraren.

391 kommunar får stryk

- Vi har henvendt oss med spørsmål folk flest lurer på, som prisinformasjon om skulefritidsordninga, sakbehandlingstid for byggjesak og opningstider i symjehallen, seier Pia Kleppe Marken ved Forbrukarrådet i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Kommunane har fått poeng på ein skala frå 0- 100, kor 100 er best. Forbrukarrådet melder sjølve at dei gir kommunen "godkjent"-sørvisstempel om han har oppnådd minst 75 poeng. 391 av kommunane i landet har fått under 75 poeng, og dermed strykkarakter.

Totalt har kvar kommune fått 19 henvendelsar. Tre e-postar og to telefonar i tillegg har testarane leita etter 13 ulike informasjonselement på nettsidene til kvar kommune.

Landsbasis

Fylket

Kommune

Poeng

34

1

Aurland

75.3

57

2

Vågsøy

72.1

60

3

Fjaler

71.8

75

4

Hyllestad

70.2

85

5

Luster

69.4

106

6

Høyanger

67.3

111

7

Sogndal

66.4

141

8

Leikanger

64.3

148

9

Førde

63.9

150

10

Bremanger

63.9

173

11

Jølster

62.8

193

12

Askvoll

61.7

207

13

Lærdal

61.1

278

14

Naustdal

56.5

279

15

Eid

56.4

282

16

Årdal

56.3

287

17

Hornindal

56.1

299

18

Vik

55.3

338

19

Solund

51.4

345

20

Flora

50.6

358

21

Gloppen

49

366

22

Selje

48.5

368

23

Stryn

48.3

374

24

Balestrand

47.2

390

25

Gulen

43

414

26

Gaular

35.5

På framsida no


Dei tek eit byks for helsa si

Dei nesten 250 borna som er på basistreninga får den aktiviteten dei treng, Men mange av oss sit for mykje i ro.

...

- Ei av dei viktigaste sakene i vår tid

Gjertrud vil få dei unge med i kampen

Terje fanga over 30 mus på kort tid

Mus og lemen i hopetal invaderer oss