Sommarglimt frå Høyanger

Video: Bent Are Iversen

Slik nyt dei sommaren

Fiske, båt og oppussing står på programmet når sommaren kjem til Høyanger. Sjå video.

Publisert 30.07.2013 kl 15:49 Oppdatert 30.07.2013 kl 16:46

Tips ein venn på e-post:



Ved småbåthamna gjer ein liten familie seg klar til ein tur på ein speilblank fjord, med sjekk av redningsvest og stong.

Sjå video: Sommarglimt frå Høyanger

Blant dei er fem år gamle Helene Andrea Haukereid og mamma Gry. Det går gjetord om mykje makrell i fjorden, og den leiken den ville dei sjå.

- Dersom vi får noko fisk, så må vi jo nesten grille, seier Gry.

Tidlegare i sommar har dei vore på Norevikane og bada, det er favorittbadestranda til den litt blyge femåringen.

Laks

Det er ikkje berre på fjorden det går an å fiske, eit godt stykke oppe i Daleelva står ein annan familie og gjer klar fiskestengene.

Det er familien Vie, Jan Petter, Nina og Herman (15). Dei har reist frå Austlandet for å besøke venner i Høyanger, og nyttar høvet til å kaste nokre slukar i elva som i gamle dagar delte bygda i to. Dei har sett fleire laksar hoppe, og vonar sjølvsagt å få ein av dei på kroken.

- Etter Høyanger skal vi til Skeikampen, seier den smilande familien med anar frå Førde.

Panel

Finvêret er og ypparleg til ytre huslege syslar, slik som å bestemme kva sort panel ein skal ha på himlingane under balkongen.

På Sæbøtangen ligg eit staseleg eldre hus, og der finn vi Synne Øren og Arvid Lønne som prøvar og synsar seg fram til rett resultat.

- Båt! Svarar dei begge når spørsmålet kjem opp, om kva som er det beste med sommaren i Høyanger. Det er tydeleg at det våte element står hjarta nær for både fastbuande og tilreisande i industristaden.

Blomar

Det same gjeld nok også for Olav Lundgren. Han er heller ikkje redd for å fiske på fjorden, og når han ikkje gjer det, likar han å pusle i hagen i huset ved Vallhall. Der dyrkar han poteter til fiskemiddagane.

Dessutan dyrkar han kunstnarlege blomar, i form av teikningar av roseblomar.

-. Eg tykkjer det er interessant å sjå korleis livet utviklar seg i alle stadium i løpet av få dagar, seier Lundgren og tek fram fargestiftar og ei lita blokk med tjukt papir.

På framsida no


...

Gjer seg klare for asylmottak

Høyanger kommune i møte med UDI og Norsk Mottaksdrift. No må dei brette opp ermane.

...

Kongeleg opning i KjARTans ånd?

Inviterer Kong Harald og Dronning Sonja til barnehagen som står på hovudet.